Filmavisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Filmavisen logo

Filmavisen, eigenleg Norsk filmrevy, òg omtalt som Norsk ukerevy og Ukerevyen, var ein vekentleg nyhendebulletin som gjekk som forfilm på norske kinoar i perioden 1941–63.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Filmavisa byrja i 1941 som eit propagandatiltak under krigen, støtta av tyske okkupasjonsstyresmakter. Biletet viser Quisling, NS-folk og tyske militære og sivile etter markeringa av falne frontkjemparar i Frognerparken i Oslo under riksmøtet til partiet hausten 1942.[1][2] Filmfotografen bak arbeid truleg for Den vekentlege nyhenderevyen til norsk Film for norske kinoar.
Foto: Riksarkivet
Reportasjebil frå Norsk Filmrevy – Filmavisa merkte «utrykningsbil» under eit veteranbilløp i Sandvika i Bærum utanfor Oslo i 1954.
Foto: Ragge Strand, Billedbladet NÅ / Riksarkivet

Alt frå 1929 hadde Oslo Kinematografar produsert ei lokal utgåve, og under okkupasjonen, frå 1941, vart produksjonen, i propagandaøyemed, utvida og riksdekkande. Produksjonen låg under Norsk Film A/S, som då var under tysk kontroll og fekk betydelege budsjettmiddel til dette arbeidet. Det var i denne tida eit effektivt distribusjonsnett vart utvikla, og utstyr av høg teknisk kvalitet vart skaffa. Allereie 8. mai 1945 tok norske pressefolk over produksjonen. Enkelte av dem kom direkte frå tysk fangenskap. Filmavisa gjekk kvar torsdag fram til 1963, då dei fleste medarbeiderne gjekk over til NRK og det daglege nyhendeprogrammet Dagsrevyen.

Filmavisa gjekk som forfilm på dei fleste kinoar, spesielt viss hovudfilmen var ein norsk spelefilm. Elles hadde Filmavisa sin faste kino i Oslo, Palassteateret der Filmavisa fram til 1963 vart sett saman med andre aktuelle filmar til ein éin-times tilstelling. Publikum kunne koma og gå under tilstellinga.

Filmavisa var i årane etter andre verdskrig ein viktig reiskap innan både folkeopplysning, opiniondanning og nasjonsbygging. Innslaga dreidde seg om alt frå nasjonale hendingar og reportasjar frå ulike landsdelar, til praktiske råd om hushald og hygiene. Innhaldet la vekt på folkeliv og natur, konge og fedreland, men òg modernisering og framsteg.

Registrert i Noregs dokumentarv[endre | endre wikiteksten]

Filmavisa vart i 2012 innlemma i kulturarvregisteret Noregs dokumentarv, eit register over nokon av dei viktigaste dokumenta i norsk historie. Registeret er ei nasjonal utgåve av UNESCOS Verdsminne-program (Memory of the World), som skal bidra til å verna og gjera tilgjengelig verda si dokumentarv, og framstå som menneskja si kollektive kulturarv.

Tilgjengeleg i NRKs arkiv[endre | endre wikiteksten]

Heile Filmavisa vart tilgjengeleg i NRKs nett-TV frå sommaren 2016.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkel bygger på nb:Filmavisen frå bokmålsutgåva av Wikipedia 28. april 2017

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Filmavisen 28. september 1942: NS 8. riksmøte: Minnehøytidelighet for de falne
  2. Søkbare digitalkopier av Program for Nasjonal samlings 8. riksmøte i Oslo i Oslo 25-27 september 1942 og NS 8. riksmøte (1943)
  3. 27. juni 2016: NRK viser all nazipropagandaen fra Filmavisen for første gang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]