Filmen Frost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Frost (originaltittel Frozen) er ein USA-amerikansk dataanimert film frå 2013, produsert av Disney i regi av Chris Buck og Jennifer Lee. Handlinga i filmen er inspirert av eventyret Snødronninga av Hans Christian Andersen og går føre seg i kongeriket Arendelle, som er inspirert av skandinavisk natur og byggjeskikk. I filmen drar ei prinsesse på ei ferd for å finna syster si, som har rømt til fjells etter at ein trolldom forheksar kongeriket dei bur i til ein evig vinter. Filmen hadde kinopremiere 27. desember 2013 i Noreg.

Frost vann ein Golden Globe-pris for beste animasjon, og vart Oscar-nominert for beste animasjonsfilm og beste song («Let It Go»).

Handling[endre | endre wikiteksten]

Elsa, prinsessa av kongedømet Arendelle, har magiske krefter som lèt ho laga is, frost og snø av eigen vilje. Då Elsa som barn ein kveld leikar med veslesyster si, prinsesse Anna, skader ho henne ved eit uhell under leiken. Foreldra deira, kongen og dronninga, blir sjokkerte av ulukka og ber om hjelp frå ein trollkonge. Trollkongen lækjar Anna og tek bort minna hennar om magien til Elsa. Det kongelege paret isolerer deretter barna i slottet fram til Elsa lærer å kontrollera kreftene sine. Elsa gøymer seg unna Anna i sitt eige rom på slottet det meste av tida, av di ho er redd for å skada syster si på nytt. Dette skaper ein brist i forholdet mellom systrene. Foreldra til jentene døyr på havet under ein storm, då dei er tenåringar.

Når Elsa er moden for å gifta seg, gjer kongeriket i stand seremoni for å krona henne til dronning. Blant gjestene er jarlen av Wesseltun, som er ute etter å utnytta Arendell for eiga vinning. Anna er yr etter å ha vorte slept ut av slottet att, og utforskar bygda ved slottet. Der møter ho prins Hans, som ho raskt fell for. Kroninga av Elsa går stillfarande og fint føre seg, trass i at Elsa var uroa for å mista kontrollen over kreftene sine. Under feiringa frir Hans til Anna, som raskt aksepterer frieriet. Elsa godtek ikkje det bråe giftarmålet og systrene byrjar å krangla. Kreftene til Elsa kjem til syne for alle gjestene etter eit kjensleutbrot.

Elsa rømmer frå slottet i panikk, og kastar utilsikta ein trolldom som fører til evig vinter i kongeriket. Etter å ha kome seg høgt til fjells, slepp Elsa endeleg kreftene sine laus, lagar seg eit einsamt palass av is og gjev liv til ein snømann, Olaf, som ho og Anna bygde i barndomen. Samstundes legg Anna ut på ei ferd for å finna Elsa, med mål om å få syster si tilbake til Arendelle, gjera ende på vinteren og betra forholdet deira. Medan Anna sankar forsyningar, møter ho issagaren Kristoffer og reinsdyret hans, Svein, og får han til å visa henne veg til fjella i nord. Følget møter snømannen Olaf, som viser dei vegen vidare til palasset til Elsa.

Anna og Elsa blir sameinte, men Elsa er framleis redd for å skada syster si. Når Anna insisterer på at Elsa blir med tilbake, blir Elsa vreid, og kreftene hennar blir slepte laus og treffer Anna i hjartet. Elsa lagar ein snøskapning til å føra Anna, Kristoffer og Olaf vekk frå palasset. Når dei drar, legg Kristoffer merke til at håret til Anna skiftar farge til kvitt og fryktar at noko er gale. Han søkjer hjelp frå steintrolla, som fortel at hjartet til Anna har vorte frose av Elsa, og at berre eit «teikn på kjærleik» kan hindra det i å frysa til. Kristoffer trur at berre Hans kan redda Anna med å kyssa henne, og tek henne med seg tilbake til Arendelle.

I mellomtida er Hans ved palasset til Elsa, der han leitar etter Anna. Under ein kamp mot følget til jarlen, blir Elsa slått medvitslaus og fengsla i Arendelle. I fengselet ber Hans Elsa om å gjera ende på vinteren, men Elsa veit ikkje korleis ho gjer det. Når Anna møter Hans, og ber han kyssa henne for å bryta forbanninga, nektar Hans og viser at dei sanne planane hans var å gifta seg med Anna for å få kontroll over Arendelle. Hans forlèt Anna for å døy, og klandrar Elsa for å ha drepe syster si.

Elsa slepp laus frå fengslet og rømmer ut i snøstormen i fjorden. Olaf finn Anna og avslører at Kristoffer er forelska i henne, før dei fer ut i fjorden for å finna han. Hans konfronterer Elsa og fortel at Anna er daud på grunn av henne. Elsa blir fortvilt og stormen stoggar plusteleg opp, som lèt Kristoffer og Anna finna fram til kvarandre. Anna ser at Hans er i ferd med å drepa Elsa med eit sverd, og kastar seg sjølv mellom dei to medan ho frys til is og blokkerer slaget frå Hans.

Når Elsa sørgjer over syster si, byrjar Anna å tina, sidan det at ho ofra seg for Elsa utgjorde eit «teikn på kjærleik». Elsa skjønnar då at kjærleik er nykelen til å kontrollera kreftene sine, og Elsa tinar kongeriket og hjelper Olaf å overleva sommaren. Hans blir sendt tilbake til landet han kom frå for å få straffa si, og Elsa bryt av all handel med jarlen av Wesseltun. Anna og Kristoffer kyssar og systrene blir forsona. Elsa lovar å aldri meir stengja slottsportane att.

Dialektbruk[endre | endre wikiteksten]

I den fyrste norskspråklege traileren frå filmen Frost snakka fleire av hovudpersonane, mellom anna Anna og Kristoffer, telemål. Då den norske kinopremieren nærma seg, vart den fyrste traileren fjerna frå internett og telemålet vart bytt ut med normert riksmål i den endelege versjonen. Trolla snakkar tilnærma normert nynorsk i den norskspråklege utgåva av filmen.[1][2]

Originale stemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Idina Menzel som Elsa
  • Kristen Bell som Anna
  • Jonathan Groff som Kristoffer
  • Josh Gad som Olaf
  • Santino Fontana som Hans
  • Alan Tudyk som jarlen av Wesseltun

Norske stemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Lisa Stokke som Elsa
  • May Kristin Kaspersen som Anna
  • Thorbjørn Harr som Kristoffer
  • Gustav Nilsen som Olaf
  • Anders Baasmo Christiansen som Hans
  • Gard Eidsvold som jarlen av Wesseltun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ei kald skulder frå Disney. Framtida.no (30. desember 2013). Vitja 26. desember 2014.
  2. Disney vraket telemarksdialekten. Norgesnytt.net (15. januar 2014). Vitja 26. desember 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.