Filmen Harry Potter og Halvblodsprinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Potter og Halvblodsprinsen
OpphavslandUSA, Storbritannia Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk
SjangerActioneventyr
RegissørDavid Yates Edit this on Wikidata
ProdusentDavid Heyman
ManusJ.K. Rowling (roman)
Steve Kloves (filmmanus)
MedverkandeRupert Grint, Emma Watson, Michael Gambon, Jim Broadbent, Tom Felton, Alan Rickman, Bonnie Wright, Evanna Lynch, Jessie Cave, Helena Bonham Carter, Matthew Lewis, Maggie Smith, Mark Williams, Julie Walters, Robbie Coltrane, Alfred Enoch, David Thewlis, Natalia Tena, Freddie Stroma, Helen McCrory, Warwick Davis, Gemma Jones, Timothy Spall, Dave Legeno, Hero Fiennes-Tiffin, David Bradley, Devon Murray, Jamie Waylett, Joshua Herdman, Georgina Leonidas, Rob Knox, Daniel Radcliffe, James Phelps, Oliver Phelps, Katie Leung, Jason Isaacs, Imelda Staunton, Geraldine Somerville, Frank Dillane, Scarlett Byrne, Suzie Toase, Shefali Chowdhury, Anna Shaffer, Afshan Azad, William Melling, Elliot Francis, Elarica Gallacher, Ralph Ineson Edit this on Wikidata
SjeffotografBruno Delbonnel Edit this on Wikidata
Lengd147 minutt Edit this on Wikidata

Harry Potter og Halvblodsprinsen er ein fantasy-film frå 2009 regissert av David Yates og distribuert av Warner Bros Pictures. Den er den sjette av den åttande filmen i serien, basert på bokserien av J. K. Rowling. Filmen er skriven av Steve Kloves og produsert av David Heyman og David Barron. Filmen hadde premiere 17. juli 2009.

Filmen handlar om Harry Potter sitt sjette år på Galtvort, der han blir besatt av ei mystisk skulebok, forelsker seg, og prøvar å få tak i eit minne som kan hjelpe til med å stoppe Fyrst Voldemort. Daniel Radcliffe spelar Harry Potter, saman med Rupert Grint og Emma Watson som Harry sine bestevener, Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Det er oppfylgjaren til Harry Potter og Føniksordenen og blir etterfylgt av Harry Potter og Dødstalismanene - del 1.

Halvblodsprinsen fekk særs gode tilbakemeldingar og blei umiddelbart ein kommersiell suksess.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skodespelar
Harry Potter Daniel Radcliffe
Ron Weasley Rupert Grint
Hermione Granger Emma Watson
Albus Dumbledore Michael Gambon
Horace Slughorn Jim Broadbent
Bellatrix Lestrange Helena Bonham Carter
Severus Snape Alan Rickman
Draco Malfoy Tom Felton
Ginny Weasley Bonnie Wright
Minerva McGonagall Maggie Smith
Rubeus Hagrid Robbie Coltrane
Remus Lupin David Thewlis
Arthur Weasley Mark Williams
Molly Weasley Julie Walters
Narcissa Malfoy Helen McCrory
Fred Weasley James Phelps
George Weasley Oliver Phelps
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Forskjellar frå boka[endre | endre wikiteksten]

Filmen la til og endra ein del hendingar frå boka. Boka byrjar med ein scene med gompestatsministeren. Yates og crewet diskuterte denne scenen, i tillegg til karakteren Rufus Scrimgeour, men starta heller filmen med hendingar som berre var skrildra, men ikkje sedd i boka. Yates trudde det ville gje publikum ein betre følelse for kva Dødseterene gjorde dersom dei viste samanbruddet av Millennium Bridge i staden for å beskrive det. Dumlingane blei droppa frå filmen, akkuratt som i Ildbegeret. Dette gjorde Steve Kloves for å «bryte mønsteret». Mykje av Tom Venster sin bakgrunnshistorie vart fjerna. Kampscena på Galtvort som skjedde i slutten av boka blei òg kutta vekk; Heyman kommenterte at dei gjorde det for «å unngå repetisjon» med den kommande filmatiseringa av Slaget ved Galtvort i Dødstalismanene. Humlesnurr si gravferd blei ikkje med fordi ein meinte den ikkje passa inn med resten av filmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]