Filmen Harry Potter og fangen fra Azkaban

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harry Potter and the prisoner of Azkaban
Norsk tittel: Harry Potter og fangen fra Azkaban
Opphavsland Storbritannia
Språk Engelsk
Sjanger Eventyr, fantasy
Regissør Alfonso Cuarón
Produsent Mark Radcliffe
David Heyman
Chris Columbus
Manus Steve Kloves
Medverkande Daniel Radcliffe, Rupert Grint, Emma Watson (Sjå nedanfor eller Skodespelarar i Harry Potter-filmane)
Musikk John Williams
Sjeffotograf Michael Seresin
Filmselskap Warner Bros.
Filmformat Cinemascope
Utgjevingsår 2004
Lengd 141 min min.
Budsjett $130 millionar
Aldersgrense 8 år
Forgjengar Harry Potter og Mysteriekammeret
Oppfølgjar Harry Potter og ildbegeret

Harry Potter og fangen fra Azkaban er ein fantasy-film frå 2004. Det er filmatiseringa av boka med same namn av J.K. Rowling, og er regissert av Alfonso Cuarón. Det er den tredje filmen i Harry Potter-serien på åtte. Manuset til filmen er skrive av Steve Kloves og produsert av Chris Columbus, David Heyman og Mark Radcliffe. Filmen handlar om Harry Potter sitt tredje år på Galtvort. Han får høyre at fangen Sirius Svaart har rømt frå trollmannsfengselet Azkaban for å myrde Harry. Daniel Radcliffe spelar Harry Potter, Rupert Grint og Emma Watson spelar Harry sine bestevener Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Filmen er oppfølgjaren til Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret og forgjengaren til Harry Potter og ildbegeret.

Filmen blei gitt ut den 31. mai 2004 i Storbritannia og den 4. juni i Nord-Amerika. Det er den siste Harry Potter-filmen som blei gitt ut på VHS. Filmen blei nominert til to Oscarar, for orginal filmmusikk og visuelle effektar, på den 77. Oscar-utdelinga i 2005.

Sjølv om Harry Potter og fangen fra Azkaban har tent $796,6 millionar verda over,[1] er han rangert lågast blant dei åtte Potter-filmane.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg handlinga i boka.

Harry Potter er no ein 13 år gamal gut. Filmen startar i sommarferien etter den andre filmen, der Harry studerer nye trylleformlar i Hekkveien. Onkel Viktor si syster, Maggen, kjem på besøk. Når ho fornærmar foreldra til Harry, får han henne tilfeldigvis til å blåse seg opp og fly vekk. Harry blir sint og truar med å forbanne Viktor, men flyktar, lei av livet sitt i Hekkveien. Då kjem Fnattbussen og leverer Harry til Den lekke heksekjel, der magiministeren Kornelius Bleouf fortel han at han ikkje kjem til å bli arrestert. Etter å ha møtt Ronny og Hermine att, finn Harry ut at Sirius Svaart, ein mordar og tilhengar av Fyrst Voldemort, har rømt frå trollmannsfengselet Azkaban og truleg har tenkt å drepe Harry.

Harry, Ronny og Hermine reiser tilbake til skulen på Galtvortekspressen for å starte tredje år på Galtvort. Dei deler kupé med den nye Forsvar mot svartekunster-læraren, Remus Lupus, som søv. Når toget brått stoppar, kjem desperantar ombord for å leite etter Svaart. Harry uvitar av redsle når ein desperant går inn i hans kupé og trur han høyrer ei kvinne som skrik. Lupus vaknar og stoppar desperanten med ei skytsverje.

Galtvort opplyser Albus Humlesnurr elevane om at desperantane skal vakte skulen så lenge Svaart er på frifot. Professor Lupus blir introdusert og Gygrid blir annonsert som den nye læraren i Stell av magiske vesen. Lupus sine skuletimar viser seg å vere hyggjelege. Han fokuserer på praksis, ikkje berre teori. Han oppfordrar mindre trygge studentar som Nilus Langballe til å kome fram og stå overfor ein Hambuse. Hambusen tek form av Nilus si verste frykt, professor Slur. Gygrid sin fyrste skuletime går ikkje like bra når Draco Malfang bevisst provoserer ein hippogriff kalla Bukknebb, som deretter går til åtak på han. Draco sin far, Lucius Malfang, får Bukknebb dømt til døden under rettssaka til hippogriffen.

Denne kvelden finn trioen eit publikum utanfor døra til sovesalen. Den trinne dama manglar i portrettet sitt. Ho er i eit anna bilete og fortel Humlesnurr at Svaart har komme inn på slottet. Nask, Lupus og Slur sikrar og leitar på slottet, men finn ingen. Studentane må sove i Storsalen. Her overhøyrer Harry ein krangel mellom Slur og Humlesnurr om Lupus og om han er til å stole på.

Under ein stormfull Rumpeldunk-kamp, kjem fleire desperantar og overmannar Harry, noko som får han til å falle av sopelimen sin, som deretter blir øydelagt av Prylepila. Lupin lærer Harry å forsvare seg mot desperantane ved å bruker ei skytsverje. Ettersom Harry manglar løyve til å besøkje Galtvang, gir Fred og Frank han urkruttkartet, eit magisk kart som viser heile Galtvort, alle som er der, samt hemmelege gangar inn og ut av skolen. I Galtvang høyrer Harry at Bluoef og Madam Rosmerta diskuterer om Svaart. Han følgjer etter dei når han høyrer dei nemne hans namn. Harry finn ut at Svaart er gudfaren hans og var foreldras beste ven. Svaart vart skulda for å avsløre Potter-familien sin hemmelege opphaldsstad til Voldemort og for å myrde venen Peter Pittelpytt ved å sprenge han. Sint lovar Harry å ta hemn over foreldra sine og drepe Svaart.

Då Harry les på urkruttkartet seint om kvelden, oppdagar han Peter Pittelpytt sitt namn på det. Overraska og nysgjerrig forlèt han sovesalen for å finne han. Han følgjer Pittelpytt på kartet, men får ikkje auga på han nokon stad. Han ser i staden Slur på kartet, men klarer ikkje å unngå han. Slur konfiskerer kartet, men overlét det til Lupus som kjem for å ta Harry med til klasserommet sitt. Lupus beheld kartet, men forbyr Harry å vandre rundt slottet medan Svaart er på frifot. Før Harry går, nemner Harry til Lupus at han såg Pittelpytt på kartet, noko som gjer Lupus forbausa.

Etter ein skuletime med clairvoyance, hamnar professor Rummelfiold i transe og spår at den mørke herren sin tenar vil vende tilbake den kvelden. Seinare vitjar Harry, Ronny og Hermine Gygrid og trøystar han grunna avrettinga til Bukknebb. Medan dei er på vitjing finn dei Skorpus, Ronnys forsvunne rotte. Bleouf, Humlesnurr og ein bøddel kjem til Gygrid for å utføre Bukknebbs straff, så dei tre studentane skundar seg vekk for å unngå å bli oppdaga hos Gygrid. Plutseleg bit Skorpus Ronny og rømmer sin veg. Så dukkar ein stor svart hund opp som jagar trioen og dreg både Ron og Skorpus inn i ei hole i Prylepila. Treet går til åtak på Harry og Hermine, men også dei klarer til slutt å gå inn i den underjordiske passasjen som viser seg å føre til Hylehuset.

Der oppdagar trioen at hunden faktisk er Sirius Svaart, som er ein Animagus. Harry går til åtak på Svaart, men Lupus kjem og avvæpnar Harry. Etter å ha utveksla nokre kryptiske ord med Svaart, omfamnar Lupus han som ein gamal ven. Etter at Hermine påstår det, innrømmer Lupus at han er ein varulv, og han og Svaart byrjar å forklare at Svaart er uskyldig. Professor Slur kjem og har til hensikt å overlate Svaart til desperantane, men Harry som er i tvil, slår han ut med ein trylleformel. Lupus og Svaart forklarer at Skorpus faktisk er Petter Pittelpytt, ein Animagus som gjorde lovbrotet som Svaart blei dømt for.

Harry sin skytsverje.

Lupus og Svaart får Pittelpytt tilbake til si menneskelege form og førebur seg på å drepe han, men Harry grip inn og seier at faren hans ikkje ville ha ynskt at hans to beste vener skulle bli mordarar. Dei vil heller overgje Petter til desperantane. Når dei kjem ut frå Prylepila for å gå opp til slottet igjen, kjem fullmånen til syne og Lupus blir omskapt til ein varulv. I den stressande situasjonen klarer Pittelpytt å flykte ved å skape seg om til ei rotte igjen. Lupus og Svaart slåst saman som varulv og hund, heilt til Lupus blir distrahert av eit anna dyrs hyl. Desperantane går til åtak på Svaart og Harry. Idet desperantane skal til å suge ut sjela deira og utføre desperantanes kyss, ser Harry ein fjern figur kaste ein kraftig skytsverje som driv desperantane vekk. Harry meiner den mystiske figuren er den daude faren hans.

Harry uvitar av redsle og vaknar opp igjen i sjukestova på Galtvort. Han får høyre at Sirius har blitt fanga. Harry og Hermine får eit råd om å bruke ein tidsvendar av Humlesnurr. Hermine avslører at ho har ein som ho har brukt heile året til å ta fleire fag samtidig. Ho og Harry reiser tre timar tilbake i tid tre, så nattas hendingar blir gjentekne. Dei frigjer Bukknebb og går tilbake til skogen ved Prylepila. Når Lupus forvandlar seg til varulv, viser det seg at det var Hermine (som reiser i tid) sitt hyl som distraherte ulven. Harry og Hermine prøver å rømme frå han ved å springe vidare inn i skogen og idet Lupus skal til å gå til åtak på dei blir dei redda av Bukknebb. Når desperantane overmannar Svaart og Harry Potter frå tidlegare, innser Harry at det var han sjølv som kasta skytsverja. Han skundar seg å gjere det før han og Hermine reddar Svaart opp på Bukknebb. Då er både Svaart og hippogriffen på flukt, men Harry og Sirius kjem til å halde kontakten gjennom brev. Lupin seier opp jobben sin neste dag, vel vitande om at foreldra ikkje vil ha ungane sine undervist av ein varulv. Kort tid etter, sender Svaart anonymt Harry ein Lynkile, den raskaste sopelimen laga nokon gong.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Regissøren, Alfonso Cuarón.

For meir informasjon, sjå Skodespelarar i Harry Potter-filmane.

Rolle Skodespelar
Harry Potter, hovudpersonen. Daniel Radcliffe
Ronny Wiltersen, bestevenen til Harry. Rupert Grint
Hermine Grang, bestevenen til Harry. Emma Watson
Sirius Svaart, mordar som har rømt frå Azkaban for å drepe Harry. Gary Oldman
Remus Lupus, lærar i Forsvar mot svarekunster på Galtvort. David Thewlis
Albus Humlesnurr, rektor på Galtvort. Michael Gambon
Severus Slur, lærar i Eliksirar. Alan Rickman
Rubeus Gygrid, lærar i Stell av magiske vesen og eigar av Bukknebb. Robbie Coltrane
Draco Malfang, elev i Smygard og Harrys fiende. Tom Felton
Rakel Rummelfiold, lærar i Clairvoyance. Emma Thompson
Minerva McSnurp, lærar i Transfigurasjon og leiar i Griffing-huset. Maggie Smith
Gulla Wiltersen, systera til Ronny. Bonnie Wright
Petter Pittelpytt, animagus som tidlegare gjekk på skule med Harry sin far og venene hans. Timothy Spall
Kornelius Bloef, magiminister. Robert Hardy

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Frå og med Fangen fra Azkaban, tok produksjonen av kvar av Harry Potter-filmane atten månader, som produsent David Heyman sa var for «å gje kvar film den tida som trengst».[2] Chris Columbus, regissør for dei to førre filmane, bestemte seg for å ikkje kome tilbake og regissere den tredje filmen av di han «ikkje hadde sett [sine] eigne born til middag i veka i ca. to og eit halvt år.» [3] Likevel var han produsent saman med Heyman. [4] Guillermo del Toro ble tilbydt å regissere, men syntest filmen var «så lys og glad og full av lys, at [han] ikkje var interessert». [5] Marc Forster avslo filmen fordi han etter å ha regissert Finding Neverland ikkje ynskja å jobbe med borneskodespelarar igjen. Warner Bros. laga deretter ei kort liste for Columbus erstatning, som bestod av Callie Khouri, Kenneth Branagh (som spelte Gyldeprinz Gulmedal i Mysteriekammeret) og til slutt Alfonso Cuarón. [6] Cuarón var opphavleg nervøs for akseptere ettersom han ikkje hadde lest nokon av bøkene eller sett filmane. Etter å ha lest serien, ombestemte han seg og skeiv under på å regissere. [7] Han seier han hadde umiddelbart kopla seg til historia.[4] J.K. Rowling var nøgd med utnemninga av Cuarón som regissør. Rowling elska filmen hans Y Tu Mama También og var imponert over hans utgåve av A Little Princess.[8] Heyman fann ut av at «tonalt og stilistisk, passar [Cuarón] perfekt».[9] Som si første øving med skodespelarane som portretterar den sentrale trioen, bad Cuarón Radcliffe, Grint og Watson skrive ein sjølvbiografisk essay om karakteren deiras, skriven i fyrste person, som skulle strekke seg over oppdaginga av den magiske verda og karakteren si emosjonelle erfaring. Når det gjeld Rupert Grint sin essay, minnast Cuarón at «Rupert ikkje leverte essayen. Då eg spurde kvifor han ikkje gjorde det, sa han, «Eg er Ronny, Ronny ville ikkje gjort det.» Då sa eg: «Ok, du forstår karakteren din. Det var den viktigaste spelinga me gjorde i Fangen fra Azkaban, fordi det var heilt klart at alt dei låg i dei essayane skulle vere stolpane dei skulle holde på resten av prosessen.»[10][11]

Filming[endre | endre wikiteksten]

Somme av scenane vart filma i Loch Shiel.

Innspelinga av filmen varte frå den 24. februar 2003 til oktober 2003, og tok stad på m.a. Leavesden Film Studios, Borough Market og Lambeth Bridge i London, og nær Clachaig Inn i Glen Coe, Skottland. Innsjøane Loch Shiel, Loch Eilt og Loch Morar blei brukt som landskap til Galtvortinnsjøen.

Forskjellar frå boka[endre | endre wikiteksten]

Fangen fra Azkaban vart utgjeven, var det den lengste boka i serien. Den aukande handlingskompleksiteten gjorde det nødvendig å gjere historia enklare då filmen skulle lagast. Filmen opnar med Harry som brukar magi ved å tenne tryllestaven sin til å få ljos, medan han i same scene i boka brukar ei lommelykt, fordi magi er ulovleg å utføre utanfor Galtvort for trollmenn under sytten år. Når Harry går på Fnattbussen (i filmen) er det eit innskrumpa hovud der, noko som aldri blir nemnt i boka. Samanhengen mellom Harry sine foreldre og the Marauders (Pittelpytt, Lupus, Svaart og Harry sin far) er berre kort omtalt, [12] men er Remus Lupus tilknyting til både Urkruttkartet og Jakob Potter. [13] I tillegg blei det aldri nemnt kven the Marauders var eller kven kallenamna (Luna, Ormsvans, Tasselabb og Horn) høyrde til. I slutten av filmen får Harry Lynkilen av Svaart, men i boka fekk Harry limen mykje tidlegare.

Distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Som med seriens førre filmar, utgjorde Fangen fra Azkaban ein stor sjanse for marknadsføring. [14] Videospelversjonen, designa av EA UK, vart utgjeven den 25. mai 2004 i Nord-Amerika og 29. mai 2004 i Europa. Mattel gav ut filmeffektar som inkluderte brettspelet «Harry Potter Championship Quidditch» og actionfigurar av filmkarakterane. [15] LEGO utvida òg si tidlegare marknadsføring for dei to fyrste filmane med utgjevinga av sett som Fnattbussen og Hylehuset.

Kinopremiere[endre | endre wikiteksten]

’’Harry Potter og fangen fra Azkaban’’ hadde premiere i New York i Radio City Music Hall den 23. mai 2004,[16] og premiere i LondonLeicester Square den 30. mai 2004.[17] Filmen premierte elles i Storbritannia den 31. mai 2004 og den 4. juni 2004 i USA. Det var den fyrste filmen i serien som blei utgjeven i båe konvensjonelle og IMAX teater.[18]

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Billettkontor[endre | endre wikiteksten]

Ved utgjevinga braut filmen rekorden for flest selde billettar på ein enkelt dag i Storbritannias billettkontors historie, ved å tene £ 5,300,000 på ein måndag. [19] Filmen fortsette å slå rekordar ved å tene £ 23.9 millionar, både med og utan førehandsomtalar,[20] og £ 9,300,000 på berre førehandsomtalane.[21] Fangen fra Azkaban er i dag den høgaste opningshelga på Storbritannias billettkontor. Til saman tente filmen inn £ 45.6 millionar i Storbritannia. [22] I USA og Canada vart det kjøpt billettar for $ 93.7 millionar i laupet av opningshelga si på 3855 kinoar, samtidig som helga, på den tida, vart den tredje største opningshelga nokon gong. [23] Denne opninga overgjekk også Hulk-rekorden ($ 62.1 millionar) for opningshelga for ein film utgjeven i juni. [24] Fangen fra Azkaban beheldt denne plassen i fem år før Transformers: Revenge of the Fallen slo han i 2009 med $ 108 900 000. [25] Filmen har lege på 16.plass på lista over mest innbringande filmar nokon gong[26], men ligg pr. januar 2013 på 39.plass.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Fangen fra Azkaban fekk mange positive vurderingar. Filmnettsida Rotten Tomatoes gav ei vurdering på 91% og «Certified Fresh» (godkjent som frisk)-godkjenninga på tilbakemeldinga. På nettsida står det: «I Cuaróns hender har Azkaban emosjonell djupleik til å gå saman med den tekniske trolldomen.»[27] Filmen fekk òg ein score på 82 av 100 på Metacritic, som tyder «universell godkjenning».[28] Bergens Tidende, Filmguiden og VG gav filmen terningkast seks.[29]

San Francisco Chronicles Mick LaSalle hylla filmens meir mogne tone og sa han var «mørkare, meir kompleks og forankra i karakter».[30] The Hollywood Reporter kalla filmen «ein djupare, mørkare, visuelt fengande og meir kjenslemessig tilfredsstillande tilpassing av J.K. Rowling sitt litterære fenomen, spesielt i forhold til dei to fyrste filmane». [31] Peter Travers frå Rolling Stone gav filmen tre og ei halvt av fire stjerner: «Ikkje berre er denne filmen utan tvil den beste og mest spanande av dei tre Harry Potter-filmane til no; det er ein film som kan stå på eigne bein sjølv om ein aldri har høyrt om forfattaren J.K. Rowling og hennar unge trollmannshelt».[32] Stephanie Zacharek frå Salon.com meinte filmen var «ein av dei største fantasy-filmane gjennom tidene». I The Washington Post roste Nicole Arthur filmen som «kompleks, skremmande, [og] nyansert». Roger Ebert gav filmen tre og ei halv ut av fire stjerner, av di han meinte filmen ikkje var så god som dei to fyrste, men kallar han fortsatt «herleg, morosam og sofistikert». Claudia Puig frå USA Today syntes filmen var «ein visuell fryd,» og la til at «Cuaron ikkje er redd for å få til ein mørkare film og takle smertefulle kjensler». Richard Roeper kalla filmen «ein kreativ triumf». Sean Smith frå Newsweek sa: «Fangen fra Azkaban har ein heilt ny regissør og ein dristig, ny visjon,» han kalla òg filmen «rørande», og hylla skodespelet til Radcliffe og Watson,[33] medan Entertainment Weekly roste filmen for å vere meir mogen enn sine forgjengarar.

Filmen fekk riktignok også kritikk. The Washington Post skulda han for å vera lang, keisam og lite inspirerande. The New York Observer påpeikte nokre unaudsynte stilistiske endringar som gjorde filmen forvirrande.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikken til Harry Potter og fangen fra Azkaban, komponert av John Williams, vart nominert til Best Original Music Score. Han vart også oscarnominert for beste visuelle effektar. [34] Dette var den andre Harry Potter-filmen som vart nominert til ein Oscar. Filmen vart også nominert til den norske Amandaprisen i 2005, i kategorien Beste utanlandske kinofilm.

I magasinet Empire si liste frå 2008 over dei 500 beste filmane nokon gong, ligg filmen som nr. 471.[35] IGN utpeikte Fangen fra Azkaban som den 5. beste fantasyfilmen.[36] I tillegg meinte Moviefone at filmen var den 10. beste det tiåret. Under First Light Awards i 2011 vart filmen stemt fram som «Tiårets film» av born i alderen 5 - 15 år. [37]

Liste over prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Pris Kategori Namn Resultat
American Film Institute AFI's 100 Years...100 Movies (10th Anniversary Edition) [38] Nominert
AFI's 10 Top 10 [39] Fantasyfilm Nominert
Den 77. Oscarutdelinga, 2005[40] Beste originalmusikk John Williams Nominert
Beste visuelle effektar Tim Burke, Roger Guyett, Bill George, John Richardson Nominert
Amandaprisen 2004[41] Beste utanlandske kinofilm Nominert
Den 59. utdelinga av British Academy Film Awards[42] BAFTA-prisen for beste film Nominert
BAFTA-prisen for beste produksjonsdesign Stuart Craig Nominert
BAFTA-prisen for beste sminke og hår Nick Dudman, Eithne Fennel, Amanda Knight Nominert
BAFTA-prisen for beste visuelle effektar Nominert
Broadcast Film Critics Association[43] Beste familiefilm (Live action) Nominert
Beste unge mannlege skodespelar Daniel Radcliffe Nominert
Beste unge kvinnelege skodespelar Emma Watson Nominert
Den 47. Grammy-utdelinga[44] Grammy-prisen for beste lydsporalbum for spelefilm, TV eller andre visuelle media John Williams Nominert
Hugo-prisen[45] Beste dramatiske presentasjon Nominert
Kids' Choice Awards 2005 [46] Kids' Choice Award for favorittfilm Nominert
MTV Movie Awards 2002[47] Breakthrough Male Performance Daniel Radcliffe Nominert
Phoenix Film Critics Society Awards[48] Beste live-action familiefilm Vann
Den 32. utdelinga av Saturn-prisen[49] Beste fantasyfilm Nominert
Beste regissør Alfonso Cuarón Nominert
Beste skodespelar i birolle Gary Oldman Nominert
Beste framføring av ein yngre skodespelar Daniel Radcliffe Nominert
Beste manusforfattar Steve Kloves Nominert
Beste filmmusikk John Williams Nominert
Beste kostyme Jany Temime Nominert
Beste sminke Nick Dudman, Amanda Knight Nominert
Beste spesialeffektar Roger Guyett, Tim Burke, Bill George, John Richardson Nominert
Teen Choice Awards[50] Choice Movie – Drama/Action Adventure Vann
Sommarens Choice Movie Nominert

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Harry Potter og fangen fra Azkaban


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. "Harry Potter and the Prisoner of Azkaban (2004)". Box Office Mojo
  2. Jensen, Jeff. 28. oktober 2005. "A Look Back". Entertainment Weekly.
  3. Chris Columbus COS: full interview 13. november 2002, Newsround.
  4. 4,0 4,1 Dickey, LucindaThe creators of Harry Potter break out of character to discuss The Prisoner of Azkaban 10.oktober 2007, Science Fiction Weekly.Archiveurl
  5. Carroll, Larry. Guillermo Game For Harry Potter 26.oktober 2007, MTV.
  6. Susman, Gary. Great Expectations 19. juli 2002, Entertainment Weekly.
  7. Alfonso Cuaron: the man behind the magic 24.mai 2004, Newsround.
  8. Puig, Claudia. "New Potter movie sneaks in spoilers for upcoming books". USA Today. 27.mai 2004.
  9. Jensen, Jeff. "A Look Back". Entertainment Weekly. 28.oktober 2005.
  10. Vaughan, Johnny; Henry, Lenny (2004). Head to Shrunken Head (DVD). Warner Bros. Pictures.
  11. McCabe, Bob. Harry Potter Page to Screen: The Complete Filmmaking Journey. 2011. Harper Design. Side 102.
  12. Dadds, Kimberly; Miriam Zendle . "Harry Potter: books vs. films". Digital Spy. 9. juli 2007.
  13. "Movie Rant". CanMag Magazine. 28. november 2004.
  14. Watson, Julie (3.juni 2004). "J.K. Rowling And Her Magical Cash Cow". Frobes.
  15. Bhatnagar, Parija (10.februar 2004). "Hot in 2004: Movie toys & singing Barbie". CNN Money.
  16. "Potter star mobbed at US premiere". BBC News. 24. mai 2004.
  17. "Wizard turn out for Harry Potter premiere". Daily Mail. 31 May 2004.
  18. "Potter 3 will be screened on IMAX". CBBC Newsround. 19 December 2003.
  19. "Azkaban breaks box office record". BBC News. 2. juni 2004.
  20. "Highest UK box office opening weekends". 25th Frame.
  21. "Highest UK box office opening weekends". 25th Frame.
  22. "Harry Potter and The Prisoner of Azkaban UK box office". 25th Frame.
  23. Gray, Brandon (7. juni 2004). "Hotter Potter: Summer Bow Yields Franchise High". Box Office Mojo.
  24. Gray, Brandon (7. juni 2004). "Hotter Potter: Summer Bow Yields Franchise High". Box Office Mojo.
  25. Gray, Brandon (29. juni 2009). "Weekend Report: ‘Revenge of the Fallen' Rises with Optimal Debut". Box Office Mojo.
  26. "List of highest-grossing films" (eldre versjon) på Engelsk wikipedia.
  27. "Harry Potter and the Prisoner of Azkaban (2004)". Rotten Tomatoes.
  28. "Harry Potter and the Prisoner of Azkaban". Metacritic.
  29. Harry Potter og fangen fra Azkaban på filmweb.no
  30. LaSalle, Mick. "Det måtte skje. Harry Potter veks opp." (org."It had to happen. Harry Potter's growing up.") San Francisco Chronicle. 4. juni 2004.
  31. "Harry Potter og Fangen fra Azkaban" (org. "Harry Potter: Prisoner of Azkaban"). Hollywood Reporter. 28. mai 2004.
  32. "Harry Potter og Fangen fra Azkaban" (org. "Harry Potter: Prisoner of Azkaban"). Newsround. 27. mai 2004
  33. Smith, Sean. "Harry Potter-bøkene får endeleg den fantastiske filmen dei fortener. Fangen fra Azkaban har ein splitter ny regissør og ein dristig ny visjon. (org. "The Harry Potter books have finally gotten the wondrous movie they deserve. The Prisoner of Azkaban boasts a brand-new director and a bold new vision."). Newsweek. 31. mai 2004
  34. "The 77th Academy Awards (2005) Nominees and Winners". Academy of Motion Picture Arts and Sciences.
  35. "Empire's Greatest Movies of all Time". Empire.
  36. Pirrello, Phil (4. april 2011). "IGN's Top 25 Fantasy Films". IGN.
  37. "Prisoner of Azkaban named film of the decade". BBC. 16. Mars 2011.
  38. AFI's 100 Years...100 Movies (10th Anniversary Edition) Ballot
  39. AFI's 10 Top 10 Ballot
  40. "The 77th Academy Awards (2005) Nominees and Winners". Academy of Motion Picture Arts and Sciences.
  41. «Amanda Awards for 2005». Internet Movie Database. http://www.imdb.com/event/ev0000876/2004. 
  42. «Bafta Film Awards 2005: The nominations». BBC News. 17 January 2005. http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/4180423.stm. 
  43. «Broadcast Film Critics Association Awards». Internet Movie Database. http://www.imdb.com/event/ev0000133/2004. 
  44. «Nominee list for the 47th Annual Grammy Awards». Sound Spike. 7 December 2004. http://www.soundspike.com/story2/7420/nominee-list-for-the-47th-annual-grammy-awards/. 
  45. «2005 Hugo Award Nominations». AwardWeb. http://dpsinfo.com/awardweb/hugos/2005.html. 
  46. «2005 Host/Nominee Release - Knickelodeon Kids Choice Awards». Nickelodeon. 8. februar 2005. http://www.nickkcapress.com/2005KCA/hostnomsrelease.php. 
  47. «MTV Movie Awards for 2002». Internet Movie Database. http://www.imdb.com/event/ev0000453/2002. Henta 3 February 2011. 
  48. [http://cinemaclips.com/PFCSarchive.htm «2004 PHOENIX FILM CRITICS SOCIETY AWARD WINNERS»]. Internet Movie Database. http://cinemaclips.com/PFCSarchive.htm. 
  49. «Academy of Science Fiction, Fantasy & Horror Films (2005)». Internet Movie Database. http://www.imdb.com/event/ev0000004/2005. 
  50. «Teen Choice Awards for 2005». Internet Movie Database. http://www.imdb.com/event/ev0000644/2004.