Filmen It

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
It
IT (2017 film) logo.svg
OpphavslandUSA
SpråkEngelsk
RegissørAndy Muschietti
ProdusentRoy Lee
Dan Lin
Seth Grahame-Smith
David Katzenberg
Barbara Muschietti
ManusChase Palmer
Cary Fukunaga
Gary Dauberman
MedverkandeBill Skarsgård, Jaeden Lieberher, Finn Wolfhard, Sophia Lillis, Jack Dylan Grazer, Chosen Jacobs, Wyatt Oleff, Jeremy Ray Taylor, Jackson Robert Scott, Javier Botet, Steven Williams Edit this on Wikidata
MusikkJohn Powell
FilmselskapWarner Bros. Pictures
Utgjevingsår2017
Lengd135 min.
Budsjett35 millionar USD

It er ein amerikansk skrekkfilm frå 2017. Han er regissert av Andy Muschietti og basert på romanen frå 1986 med same namn, som er skriven av Stephen King. Manuset er skrive av Chase Palmer, Cary Fukunaga og Gary Dauberman.[1] Filmen går føre seg om sommaren i 1989, og fortel historia om sju barn i den fiktive byen Derry, Maine, som blir terroriserte av eit mystisk vesen. Romanen It har tidlegare vore filmatisert i 1990.

Filmen har Jaeden Lieberher i rolla som Bill Denbrough, Bill Skarsgård som Pennywise the Dancing Clown og Sophia Lillis, Jeremy Ray Taylor, Finn Wolfhard, Wyatt Oleff, Chosen Jacobs, Jack Dylan Grazer, Nicholas Hamilton, og Jackson Robert Scott i støtteroller. Han premierte i Los Angeles 5. september 2017 og i USA 8. september 2017. I løpet av lanseringa sette filmen fleire rekordar innan bilettsalet og tente inn over 700 millionar USD internasjonalt, mot eit budsjett på 35 millionar.[2]

Ein oppfølgjar er planlagt utgjeven 6. september 2019.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «It - Warner Bros.». Warner Bros. Henta 16. august 2018. 
  2. «It - Warner Bros.». Time. Henta 16. august 2018. 
  3. «'It' Sequel Gets September 2019 Release Date». The Hollywood Reporter. Henta 16. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]