Hopp til innhald

Filmen Kjærlighet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjærlighet
RegiDag Johan Haugerud Sjå dette på Wikidata
ManusDag Johan Haugerud Sjå dette på Wikidata
MedverkandeAndrea Bræin Hovig, Marte Engebrigtsen, Lars Jacob Holm, Thomas Gullestad, Marian Saastad Ottesen, Morten Svartveit Sjå dette på Wikidata
KlippJens Christian Fodstad Sjå dette på Wikidata
MusikkPeder Kjellsby Sjå dette på Wikidata
SjeffotografCecilie Semec Sjå dette på Wikidata
DistributørVertigo Média Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2024, 13. mars 2025 (Ungarn)
Lengd119 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdramafilm, gay-related film Sjå dette på Wikidata

Kjærlighet er ein norsk spelefilm frå 2024, skriven og regissert av Dag Johan Haugerud. Filmen er den tredje i filmtrilogien hans Sex Drømmer Kjærlighet, som saman med dei to fyrste filmane, Sex og Drømmer, hadde kinopremiere i 2024.[1] Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen spelar hovudrollene i filmen.[2]

Kjærlighet hadde verdspremiere under Filmfestivalen i Venezia i september 2024.[3] Filmen hadde norsk kinopremiere 25. desember 2024.

Kjærlighet presenterer legen Marianne og sjukepleiaren Tor. På ferjeturen heim frå ein date møter Marianne Tor, som avslørar at han brukar nettene på ferja for å finne tilfeldige mannlege sexpartnarar. Ifølgje Tor kan det oppstå nære samtalar i samband med slik cruising, og Marianne byrjar å vurdere om dette også kan vere aktuelt for ho.[3]

Skodespelarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Andrea Bræin Hovig
  • Tayo Cittadella Jacobsen
  • Marte Engebrigtsen
  • Thomas Gullestad
  • Lars Jacob Holm
  • Morten Svartveit

Prisar og nominasjonar

[endre | endre wikiteksten]
PrisKategoriNominert/vinnarResultat
Bisato d'Oro[4]—Vann
Gulløven[3]—Nominert
Tromsø Internasjonale Filmfestival 2025[5]FIPRESCI-prisen—Vann
Göteborg Film Festival 2025[6]Dragon Award for beste nordiske film—Nominert
Dragon Award for beste skodespelAndrea Bræin HovigVann
Amandaprisen 2025[7]Beste skodespelar i ei hovudrolleAndrea Bræin HovigNominert
Beste skodespelar i ei birolleTayo Cittadella JacobsenNominert
Beste filmmanusDag Johan HaugerudNominert
  1. ↑ «Filmhøsten 2024». nfi.no. 9. august 2024. Henta 21. august 2024.
  2. ↑ «Skriver norsk filmhistorie i Venezia». Dagsavisen. 23. juli 2024. Henta 23. juli 2024.
  3. 1 2 3 «Historisk: Norsk spillefilm i hovedkonkurransen på filmfestivalen i Venezia». nfi.no. 23. juli 2024. Henta 23. juli 2024.
  4. ↑ «Pris til norsk film i Venezia». nrk.no. 6. september 2024. Henta 6. september 2024.
  5. ↑ «Sju priser delt ut på TIFF». nrk.no. 18. januar 2025. Henta 20. juni 2025.
  6. ↑ «Priser til «Før mørket» og Bræin Hovig i Gøteborg». rushprint.no. 2. februar 2025. Henta 20. juni 2025.
  7. ↑ «Dette er de nominerte til Amandaprisen». nrk.no. 18. juni 2025. Henta 20. juni 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]