Filmen Love You till Tuesday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love You till Tuesday
Video av David Bowie
Utgjeve Mai 1984
Innspelt 26. januar - 7 februar 1969
Sjanger filmmusikal
Lengd 28 min
Selskap Polygram
David Bowie-kronologi 
Ziggy Stardust and the Spiders from Mars: The Motion Picture
(1983)
Love You till Tuesday Serious Moonlight
(1984)


Love You till Tuesday var ein marknadsføringsfilm laga for å vise talenta til David Bowie, laga i 1969. Filmen var det siste forsøket til manageren hans, Kenneth Pitt, på å føre Bowie til eit breiare publikum. Pitt hadde gått i gang med filmen etter forslag frå Günther Schneider, produsenten for det tyske TV-showet 4-3-2-1 Musik Für Junge Leute for ZDF.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Pitt leigde inn venen Malcolm J Thomson til å regissere ein halvtimes film, som synte sju av songane til Bowie (fire frå debutalbumet, og dei nye songane «When I'm Five» og «Ching-a-Ling». Filmen inneheld òg eit pantomimestykke, The Mask. Før filminga starta 26. januar 1969, la Bowie til ein ny song for den planlagde filmen - «Space Oddity». Kjærasten hans på denne tida, Hermione Farthingale, og venen John Hutchinson er òg med i filmen. Bowie sjølv hadde på seg ein parykk gjennom filmen, då han hadde klypt seg kort for ein audition som soldat i filmen The Virgin Soldiers, basert på romanen med same namn av Leslie Thomas. Tyskspråklege versjonar av tre songar og forteljinga til pantomimesekvensen vart òg spelt inn. Filminga var ferdig 7. februar 1969.

Filmen kosta langt meir enn Pitt hadde sett for seg og han hamna i krangel med Thomson, som ønskte å lage «Space Oddity»-segmentet (der Bowie spelar både 'Ground Control' og 'Major Tom', der sistnemnde vart forført av rom-jomfruer) langt meir vågal. Ingen ønskte derimot å kjøpe og Schneider hadde slutta i ZDF. Pitt skrinla resultata og fortsette å vere manageren til BOwie fram til 1971.

I 1984, då Bowie var på sitt mest populære, førte auken i heimevideomarknaden til at Pitt tok kontakt med Polygram, som gav ut filmen i mai det året. Deram gav ut eit filmmusikkalbum same månaden.

Filmen kom ut på DVD i 2005.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Love You Till Tuesday»
  2. «Sell Me a Coat»
  3. «When I'm Five»
  4. «Rubber Band»
  5. «The Mask (A Mime)»
  6. «Let Me Sleep Beside You»
  7. «Ching-a-Ling»
  8. «Space Oddity»
  9. «When I Live My Dream»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]