Filmen Luca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luca
Luca logo.png
RegiEnrico Casarosa
Forfattar(ar)Enrico Casarosa
Jesse Andrews
Simon Stephenson
Produsent(ar)Andrea Warren
ManusJesse Andrews, Mike Jones Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJacob Tremblay
Jack Dylan Grazer
Emma Berman
Maya Rudolph
Marco Barricelli
Jim Gaffigan
KinematografiDavid Juan Bianchi
Kim White
KlippCatherine Apple Sjå dette på Wikidata
MusikkDon Romer
ProduksjonsselskapWalt Disney Pictures
Pixar Animation Studios
DistributørWalt Disney Studios Motion Pictures, Disney+
Utgjevingsdato18. juni 2021
Lengd95 min.
OpphavslandUSA
SpråkEngelsk
Inntening49 750 471 US-dollar Sjå dette på Wikidata

Luca er ein amerikansk dataanimert fantasyfilm frå 2021. Han vart produsert av Pixar Animation Studios og gjeven ut av Walt Disney Pictures 18. juni 2021 på Disney+.[1] Han vart regissert av Enrico Casarosa, og handlinga vart skriven av Enrico Casarosa, Jesse Andrews og Simon Stephenson.[2]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Luca Paguro er eit ungt sjømonster som bur på botn av Liguriahavet og gjeter flokkar med fisk, ikkje so langt unna den oppdikta italienske byen Portorosso. Ein dag møter Luca Paguro foreldrelause Alberto Scorfano, som viser Luca korleis livet er ute av havet, og ymse ting han har samla opp av menneskesaker, som dei brukar til å laga sin eigen Vespa. Foreldra hans Luca er redde for kva folk kjem til å gjera med Luca, so dei bed onkelen hans om å taka vare på han i ein sesong. Luca likar ikkje at dei sender han bort ein heil sesong, som gjer at han stikk av til Alberto. Dei tenkjer seg at det er tryggast å fara til byen Portorosso for å koma seg bort, der kan dei ogso skaffa seg ein ordentleg Vespa å køyre kringom verda med.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skodespelar
Luca Paguro, hovudpersonen Jacob Tremblay
Alberto Scorfano, bestevenen hans Luca Jack Dylan Grazer
Giulia Marcovaldo, ven av Luca Emma Berman
Daniela Paguro, mor hans Luca Maya Rudolph
Lorenzo Paguro, far hans Luca Marco Barricelli
Massimo Marcovaldo, far hennar Giulia Jim Gaffigan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Birger Vestmo. «Luca» (norsk). P3 Filmpolitiet. Henta 5. august 2021. 
  2. «Luca - Production & Contact Info | IMDbPro», pro.imdb.com, henta 5. august 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]