Filmen Snikskytter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shooter
Språk engelsk
Regissør Antoine Fuqua
Produsent Lorenzo di Bonaventura
Manus Stephen Hunter (roman)
Jonathan Lemkin (manus)
Musikk Mark Mancina
Budsjett $61 million
IMDb-profil

Shooter (Snikskytter) er ein amerikansk actionthriller frå 2007 regissert av Antoine Fuqua. Den basert på romanen Point of Impact av Stephen Hunter. Filmen handlar om ein snikskyttar, Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg), som vert uskyldig skulda for eit attentat. Den hamna på amerikanske kinoar den 23. mars 2007, og vart lansert på DVD den 26. juni 2007.

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg) er ein snikskyttar som vert spurt av oberst Isaac Johnson (Danny Glover) om å hjelpa til med å spora opp ein leigemordar som har planar om å skyta den amerikanske presidenten. Johnson og hans menn lurar Swagger i ei felle. Dei myrdar den etiopiske erkebiskopen i det han står ved sida av den amerikanske presidenten under ein seremoni, og dei påstår at Swagger skaut biskopen i eit forsøk på å treffa presidenten. Swagger vert skoten og skadd av politimannen Timmons, men han klarer å flykta. Agentane fortel politiet og offentligheitan at Swagger er den skuldige, og dei isceneset ei massiv menneskejakt på den skadde snikskytteren. Likevel møter Swagger FBI-agenten Nick Memphis (Michael Peña), og Swagger avvæpnar han og stel bilen hans.

Swagger brukar førstehjelpsustyret i bilen for å handsama skadane sina. Han unngår politiet ved å køyra ut i Delaware River og sym vekk. Han søkjer tilflukt hos Sarah Fenn, enka til Swagger`s spottar og bestevenn Donnie Fenn, som vart drepe året før under eit oppdrag i Afrika som Swagger såvidt overlevde. Sarah reddar livet hans ved å reinsa og sy skotsåra hans. Nick Memphis får skulda for at Swagger klarte å flykta. Memphis hevdar at på grunn av Swagger si omfattande militære trening og lange røynsle, er det overraskande at Swagger ikkje klarte å skyta presidenten. Memphis meiner at Swagger kan ha vorte skulda for attentatet, og han finn fleire uoverensstemmelsar i bevisa og vitneforklaringane som vart gjeve til FBI. Hans mistankar veks når politimannen som skaut Swagger vert drepe få timar etter mordet på erkebiskopen.

Når dei løynlege agentane oppdagar at saka er kompromittert, kidnappar de Memphis og prøver å iscenesetja sjølvmordet hans. Swagger følgjer etter og drep agentane. Swagger og Memphis slår seg saman, og prøver å finna dei som står bak. Dei finn ein eks-snikskyttar i Lynchburg, Virginia, som begår sjølvmord etter å ha avsløra at erkebiskopen faktisk var det eigenlege målet, og at han vart drepen for å hindra at han held ein tale om ei massakre i ein landsby i Eritrea. Massakren vart utført på vegne av eit konsortium av føretak med olje-interesser i Afrika, leda av den korrupte senatoren Charles Meachum (Ned Beatty). Swagger får òg vita at oppdraget der bestevennen, Donnie Fenn, vart drepen òg var ein del av massakren fordi dei fekk i oppdrag å verna tilbaketrekkingen av dei som stod bak massakren. Swagger tek opp denne tilståinga på band før han klarar å sleppe frå eit bakholdsangrep.

I mellomtida har ei gruppe leigesoldatar, leidd av Johnsons høgre hand, Jack Payne (Elias Koteas), kidnappa Sarah for å lokka fram Swagger. Sarah vert torturert og seksuelt misbrukt. Med sina nye bevis arrangerer Swagger og Memphis eit møte med oberst Johnson og senator Meachum for å utveksla sitt gissel mot bevisa for senatoren og obersten sin ugjerningar. Etter å ha drepe Payne og fleire fiendtlige snikskyttarar og redda Sarah, overgjev Swagger og Memphis seg til FBI. Seinare vert Swagger ført fram for statsadvokaten i eit lukka møte. Oberst Johnson, Memphis og Sarah er òg til stades. Swagger reinvaskar seg for drapet på erkebiskopen og vert frikjend. Men Oberst Johnson kan ikkje straffast for massakren i Eritrea sidan dette er utanfor amerikansk jurisdiksjon, og han går fri. Oberst Johnson møter senator Meachum same kveld, då dei vert angrepne av Swagger som drep begge to, ein av deira medhjelparar og to livvakter, før han opnar ein gassventil før han dreg derifrå. Flammene i peisen antenner gassen, og heile huset eksploderar. Den siste scena viser Swagger som set seg i ein bil saman med Sarah og køyrer vekk frå huset.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

  • Mark Wahlberg som Bob Lee Swagger.
  • Lane Garrison som Donnie Fenn
  • Michael Peña som Nick Memphis
  • Danny Glover som oberst Isaac Johnson.
  • Kate Mara som Sarah Fenn
  • Elias Koteas som Jack Payne
  • Ned Beatty as Senator Charles F. Meachum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]