Filmen Stargate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stargate er ein science fiction/action-film frå 1994 med Kurt Russell og James Spader i hovudrollene. Filmen la grunnlaget for fjernsynsseriane Stargate SG-1 og Stargate Atlantis, der sistnemnde framleis er under produksjon.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Teikning av stjerneporten.

Stjerneporten[endre | endre wikiteksten]

Filmen startar i 1928 då ein mystisk kjempering vert funnen av Professor Langford i Giza i Egypt. Tilbake til notida ber dottera Catherine egyptologen Daniel Jackson (James Spader) om å tyde dei mystiske hieroglyfane på ringen. Jackson vert med til ein militær installasjon innanfor Creek Mountain, Colorado der han ser symbol som står for stjernekonstellasjonar, koordinatar for forskjellige område i universet. Med ein gjeven sekvens opnar ringen eit ormehol til ein annan stad i galaksen, som ein slags stjerneport.

Oberst Jack O'Neill (Kurt Russel) frå flyvåpenet leier eit lag som går inn i stjerneporten. Når dei kjem ut på andre sida, finn dei at dei har hamna inne i ein pyramide midt i ein ørken. Dei saknar ein del av koordinatane til å kome attende til jorda og må slå leir i pyramiden.

Ra[endre | endre wikiteksten]

Jackson og eit par andre oppdagar ein landsby like ved, der innbyggjarane trur dei er utsendte frå guden Ra. Jackson forsøkjer å kommunisere med dei, og oppdagar at dei snakkar ei form for eldgammal egyptisk dialekt. Medan han går i katakombene, oppdagar Jackson at Ra i røynda er eit romvesen som nytta menneska som slavar og transporterte nokre av dei til denne planeten. Då menneska på jorda gjorde opprør mot Ra og grov ned stjerneporten, forbaud Ra slavane på den andre planeten å lesa og skriva for å hindre at dei òg skulle gjere opprør.

Pyramidelaget oppdagar steinen som gjev den naudsynte koordinaten heim, og Jackson og dei andre skundar seg attende til pyramiden. Samstundes kjem ein stor, flygande farkost og landar på pyramiden. Alle på laget vert så drepne eller tekne til fange. Jakson og O'Neill vert tekne til tronrommet til Ra som avslører at han kjem til å sende ei hydrogenbombe til jorda (den same bomba som O'Neill skulle montere på stjerneporten om dei kom i trøbbel). O'Neill prøver å avvæpne vaktene og ta livet av Ra, men stoggar når Ra nyttar tenarane sine som menneskelege skjold. Ra trugar med å drepe resten av laget og alle som har sett han, om ikkje Jackson sjølv drep dei for å vise innbyggjarane at Ra er ein gud.

Klimaks[endre | endre wikiteksten]

Etter at Ra har samla alle innbyggjarane framfor pyramiden, avslører nokre ungdommar at dei har våpna som ekspedisjonslaget hadde teke med seg. Ungdommane distraherer Ra, medan Jackson, O'Neill og dei andre flyktar. Jackson fortel innbyggjarane neste dag at Ra ikkje er ein gud og difor ikkje udøyeleg. Med deira hjelp dreg Jackson og O'Neill tilbake til stjerneporten for å deaktivere bomba. Når lokalbefolkninga gjer opprør mot Ra, flyktar han tilbake til farkosten og lettar. O'Neill teleporterer bomba til farkosten til Ra, som eksploderer ute i verdsrommet.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

O'Neill og resten av ekspedisjonslaget returnerer attende til jorda, medan Jackson vert attende på planeten for å hjelpe innbyggjarane der å byggje opp igjen samfunnet deira. Daniel Jackson returnerer til Jorda/Tellus etter eitt år, og det er da SG-1 serien startar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]