Filmen Ungen (1938)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For filmen frå 1974 med same namn, sjå Filmen Ungen (1974). For andre tydingar, sjå Ungen (fleirtyding).
Ungen
OpphavslandNoreg
SpråkNorsk (norsk versjon)
RegiRasmus Breistein
ProdusentRasmus Breistein
ManusRasmus Breistein
Oskar Braaten (skodespel)
SjeffotografGunnar Nilsen-Vig
KlippGunnar Nilsen-Vig
Utgjevingsår6. oktober 1938 (Noreg)
Aldersgrense7 år (1990)

Ungen er ein norsk film frå 1938 regissert av Rasmus Breistein. Hovudrollene blir spelt av Eva Sletto, Harald Heidi Steen, Ragnhild Hald, Tove Bryn. Filmen er basert på Oskar Braaten sin roman Ungen, frå 1911, som handlar om den unge fabrikkarbeidaren Milja som hamner «i uløkka» og blir svikta av Julius til fordel for den fagre, men upålitelege Petrina.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga er lagt til Kristiania på slutten av 1800-talet.

Den unge fabrikkarbeidaren Milja (Eva Sletto) hamnar «i uløkka» og blir svikta av Julius (Harald Heidi Steen) til fordel for den fagre, men upålitelege Petrina (Tove Bryn). Julius lar seg forhekse av den upålitelege jenta, som får han til å drikke og stele. Milja sit snart aleine att med skamma – og ein lausunge. Haldningane til omgivnadene gjer ikkje ting betre for henne då menneska frå borgarstanden ser med forakt på fabrikkjentene og lausungane deira.
I fortvilinga forsøker Milja å gi bort ungen for at den skal få betre vilkår enn dei ho sjølv kan klare å gi han. Men Hønse-Lovisa (Ragnhild Hald) klarer å overtale henne om at materielle fordelar aldri kan vege opp ekte kjærleik og omsorg. Lovisa er ei dame som tar seg av einslege mødre og gir dermed fabrikkjenter som har «komme i uløkka» ly og omsorg slik at dei kan halde på ungane sine sjølv om dei er fødde utanfor ekteskap.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ungen vart første gongen sett opp på Nationaltheatret i 1913. I 1960 kom ein fjernsynsversjon av dramaet og i 1974 kom den andre filmatiseringa. Den siste filmatiseringa var basert på ein musikal på Det Norske Teatret i 1973.

Trivia[endre | endre wikiteksten]

Harald Heide-Steen medverka i begge filmane. I 1938-utgåva spelte han Julius og i filmen frå 1974 spelte han rolla som forsvarar Engebret.

I rollene[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]