Filomena Cautela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filomena Cautela

Fødd16. desember 1984 (39 år)
FødestadLisboa
Aktive år2000–
Verka somskodespelar, programleiar, filmskodespelar
PrisarGolden Globes

Filomena José Dias Fernandes Cautela (fødd 16. desember 1984 i Lisboa)[1] er ein portugisisk programleiar og skodespelar. Cautela byrja sin skodespelarkarriere på teater i 2000, og fire år seinare debuterte ho som filmskodespelar. I 2005 vart ho programleiar for MTV Portugal og har sidan leia ei rekkje program og show på ulike portugisiske TV-kanalar. Ho var ein av fire programleiarar for Eurovision Song Contest 2018.[2][3]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Cautela starta som teater- og filmskodespelar, men er i dag mest kjend som programleiar for ulike TV-program og show i Portugal. Ho har leia kveldsshowet 5 Para A Meia-Noite på ålmennkringkastaren RTP sidan 2015. Cautela har også vore programleiar for Festival da Canção, det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix, og var poengopplesar for Portugal i Eurovision Song Contest 2017.

I mai 2018 var Cautela programleiar for Eurovision Song Contest 2018 saman med Sílvia Alberto, Daniela Ruah og Catarina Furtado.[4]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Kanal År Tittel[5] Rolle Merknadar
TVI 2002–04 Morangos com Açúcar Carla Santos Silva
2003 Ana e os Sete Sandra Hovudrolle
2004 Inspector Max Tilbakevendande rolle
2005 Mundo Meu Sylvie Gjesterolle
RTP1 2006 Bocage Ana Perpétua
MTV 2005–06 Seg sjølv Programleiar og VJ
SIC 2007 Vingança Érica Hovudrolle
2007 Aqui Não Há Quem Viva Ângela Gjesterolle
TVI 2008 Casos da Vida Marta Hovudrolle – episode «Saldo Negativo»
RTP1 2008 Conta-me como Foi Glória Gjesterolle
SIC 2008 Chiquititas Antonieta
RTP2, RTP1 2009–2011, 2015– 5 Para A Meia-Noite Seg sjølv Programleiar
RTP1 2010 Cidade Despida Joana Tilbakevendande rolle
2010 República Marta
RTP2 2011 Fá-las Curtas Seg sjølv Programleiar
RTP1 2012 Depois do Adeus Tilbakevendande rolle
RTP1, RTP2, RTP Play 2012– Dekning av ulike musikkfestivalar Seg sjølv Programleiar
Globo Premium 2008–2014 Cá Estamos Seg sjølv Programleiar
RTP2 2013–14 Agora Seg sjølv Hovudrolle
RTP2 2015 Palcos Agora Seg sjølv Programleiar
TVI 2015–16 Santa Bárbara Maria Ana Hovudrolle
RTP1 2016 Volta ao Mundo 2016: Passagem de Ano Seg sjølv Programleiar
2016–17 Ministério do Tempo Mafalda Torres Hovudrolle
TVI 2017 Inspetor Max Gjesterolle
RTP1 2018 Eurovision Song Contest 2018 Seg sjølv Programleiar
2019 Love Portugal Seg sjølv Programleiar
2019–2020 Jogo de Todos os Jogos Seg sjølv Programleiar
2020 Quem Quer Ser Milionario? Alta Pressão Seg sjølv Programleiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Filomena Cautela». IMDb. Henta 30. januar 2018. 
  2. «Eurovision 2018: Who is Filomena Cautela? - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 17. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  3. «Who are Eurovision 2018 presenters Filomena Cautela, Sílvia Alberto, Daniela Ruah and Catarina Furtado?». The Sun (på engelsk). 10. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  4. «Here come the girls! Presenters of Eurovision 2018 revealed!». eurovision.tv. 8. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  5. «Filomena Cautela – filmography». IMDb. Henta 30. januar 2018.