Filterboble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei filterboble er ein effekt som kan oppstå når folk brukar nettstader som tilbyr individuelt tilpassa innhald, og inneber at informasjon på internett vert filtrert og sortert vekk frå søk. Årsaka til at filterbobler kan oppstå, er at algoritmane som lagar søkeresultatlister og anbefaler nettstader, prøver å føreseia kva som vil ha størst sjanse for å gjera brukaren nøgd. Dette vert gjort ved å tilpassa innhaldet på nettsidene til kva sider brukaren har vitja før, og til kva for eit kjønn eller kva for ei aldersgruppe brukaren tilhøyrer. Filterbobler kan føra til at personar vert eksponert for informasjon som stadfestar syn dei allereie har, eller at ein ikkje vert kjent med andre syn enn det ein har frå før.

Filterbobler kan oppstå når søkjemotorar tilpassar trefflista basert på kva brukaren har klikka på tidlegare.

Omgrepet vart fyrst teke i bruk av forfattaren Eli Pariser, og gjort kjent gjennom boka The Filter Bubble.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Filterboblesimulator
Forsking
Norske artiklar