Fin de siècle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fin de siecle)

Fin de siècle (fransk uttale [ˌfɛ̃ dəˈsjɛkl]) er eit fransk uttrykk for 'slutten på hundreåret (sekelet)' som vanlegvis har vore nytta som nemning på dei kulturelle og kunstneriske rørslene som gjorde seg gjeldande i Frankrike og i store delar av Europa elles på slutten av 1800-talet. Fin de siècle vart i denne samanhengen eit samlingsomgrep for ein pessimistisk mentalitet som i målarkunst og litteratur framheva livstilhøve prega av dekadanse, skildra i form av seksualangst, livstrøttleik, nervøsitet, moralsk forfall og så bortetter. Denne kjensla av fin de siècle var særleg knytt til den kunstneriske retninga som vart kalla symbolismen. Omgrepet kunne også nyttast om det hypermoderne, det overdrivne og det overforfina.

Omgrepet fin de siècle vart fyrste gongen nytta i 1886 i det franske tidsskriftet Le Décadent. Det fekk snart stor spreiing i ordskiftet om tilhøva for einskildmenneska i tida kring hundreårsskiftet, og kom til å vere ei ålmenn europeisk seiemåte for korleis det var å leve i tida før den fyrste verdskrigen. Eit lystspel av Francis de Jouvenot og H. Micard med tittelen Fin de siècle vart oppført i 1888, og i Tyskland publiserte forfattaren Hermann Bahr ei novellesamling i 1891 med den same tittelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«fin de siècle» i Store norske leksikon, snl.no.