Financial Times

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Financial Times
Financial Times corporate logo (no background).svg
Formatfullformat
Grunnlagd9. januar 1888
EigararNikkei Inc., Pearson plc
Språkengelsk
ISSN0307-1766
Nettstadhttps://www.ft.com

Financial Times (FT) er ei britisk liberal næringslivsavis som kjem ut i London. Ho inneheld òg mykje generelt politisk stoff, og blir rekna som ei leiande kvalitetsavis. Sjefredaktør er Roula Khalaf (sidan januar 2020).[1]

Framsida til Financial Times frå 13. februar 1888.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avisa blei grunnlagd under namnet London Financial Guide i januar 1888 av Horatio Bottomley. I februar same året fekk ho namnet Financial Times. I 1893 tok avisa i bruk lakserosa papir (som også Dagens Næringsliv brukar i Noreg), noko som skilde henne klart ut frå andre aviser, særleg den noko eldre konkurrenten Financial News. Dei to avisene blei slått saman i 1945. I 1957 blei avisa kjøpt opp av Pearson Publishing Group.

23. juli 2015 gjekk Nikkei Inc. med på å kjøpåvisa for 844 millionar pund,[2] og kjøpet blei endeleg den 30. november 2015.[3]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Det er blitt trykt ei eiga utgåve for europeiske og nordamerikanske lesarar i Frankfurt am Main sidan 1979. Avisa har eit opplag på over 440 000 eksemplar. Rundt ein firedel av det blir seld i Storbritannia.

I tillegg til den engelskspråklege avisa blei det frå 2000 til 2012 gjeve ut ei tyskspråkleg utgåve, Financial Times Deutschland, med eit opplag på noko over 100 000. Den 23. november 2012 gjorde styret i forlaget Gruner+Jahr som utgjevar av den tyske utgåva det kjend at den tyske utgåva skulle innstillast av økonomiske årsaker. Den siste utgåva kom ut den 7. desember 2012. Avisa hadde då produsert eit kumulert tap på 250 millionar euro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Roula Khalaf appointed editor of the Financial Times». aboutus.ft.com (på engelsk). Henta 23. januar 2020. 
  2. «Financial Times sold to Nikkei by Pearson for £844m». BBC News. 
  3. «Nikkei completes acquisition of Financial Times». Nikkei. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]