Finansdepartementet i Noreg
- For finansdepartement i andre land, sjå Finansdepartement
![]() |
|
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1814[1] |
Statsråd | Siv Jensen |
Hovudkontor | Akersgata 40, Oslo |
Tilsette | 314 (2014)[2] |
Nettside | fin.regjeringen.no |
Finansdepartement skal planlegge og setje i verk den økonomiske politikken, samordne arbeidet med statsbudsjettet, syte for at det offentlege får inn skattar og avgifter, samt overvake og utarbeide reglar for tilsyn og verksemd i finansmarknadane.
Finansdepartementet blei oppretta i 1814, etter at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat. Departementet skulle vareta viktige oppgåver for den nye nasjonen knytt til økonomien og finansane i staten.
Finansdepartementet er rekna som det mektigaste departementet i Noreg, fordi dei fleste forslag frå andre departement har økonomiske konsekvensar som blir analysert og vurdert av Finansdepartementet.
Departement er plassert i den gamle regjeringsbygningen ("G-blokka"), Akersgaten 40 i Oslo.
Innhaldsliste
Organisasjon[endre | endre wikiteksten]
Departementet er delt inn i seks fagavdelingar, i tillegg til administrasjonsavdelinga og informasjonseininga. Det har i alt ca 300 tilsette, der dei fleste er samfunnsøkonomar, juristar eller siviløkonomar.
- Økonomiavdelinga samordnar den økonomiske politikken, og trekkjer blant anna opp rammer for bruken av oljepengar over statsbudsjettet. Denne avdelinga har ansvar for å lage prognosar for den økonomiske utviklinga i Noreg, og lagar Nasjonalbudsjettet blant anna på bakgrunn av desse. Avdelinga står også for dei fleste analysane i Langtidsprogrammet. Økonomiavdelinga vedlikeheld og forvaltar dei fleste av dei makroøkonomiske modellane som departementet rår over. Avdelinga har også ansvaret for å lage regelverket for pengepolitikken. Økonomiavdelinga har etatsansvar for Statistisk sentralbyrå.
- Finansavdelinga har ansvaret for å utarbeide Statsbudsjettet kvar haust og Revidert nasjonalbudsjett kvar vinter, og har etatsstyringsansvar for Senter for statleg økonomistyring. Avdelinga forhandlar bilateralt med kvart departement gjennom budsjettprosessen.
- Skattelovavdelinga har ansvaret for skatte- og avgiftslovgjevinga og har etatsstyringsansvar for Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten. Skattelovavdelinga utarbeider også forskrifter og rundskriv som presiserer skattelovgjevinga, og har hovudansvaret for arbeid med endring av denne.
- Skatteøkonomisk avdeling analyserer konsekvensar av skattesystemet, og har hovudansvaret for provenyutrekningar knytte til både regjeringa sin skatte- og finanspolitikk, og dei forslaga som opposisjonen i Stortinget kvar haust sender departementet for å få utarbeidd konsekvensanslag for forslaga. Avdelinga rår over makroøkonomiske modellar som analyserer realverknaden av ulike skattereglar.
- Finansmarknadsavdelinga har ansvaret for finansmarknadslovgjevinga og etatsstyringa for Kredittilsynet. Inntil 2007 forvalta også avdelinga Regjeringen sin eigarpost i banken DnB NOR, men forvaltinga av denne eigarposten er sidan flytta til NHD.
- Avdeling for formuesforvalting utformar investeringsstrategien for Statens pensjonsfond - Noreg, («Folketrygdfondet») og Statens pensjonsfond - Utland («Oljefondet»). Avdelinga har oppfølgingsansvar for Noregs Bank, som forvaltar Statens pensjonsfond - Utland på vegne av departementet, samt for Folketrygdfondet som er blitt delegert oppgåva med forvaltinga av Statens pensjonsfond - Norge.
Departementet sine underordna etatar er:
- Statistisk sentralbyrå
- Kredittilsynet
- Toll- og avgiftsetaten
- Skatteetaten
- Senter for statleg økonomistyring
I tillegg forvaltar departementet staten sine eigarinteresser i særlovselskapet Folketrygdfondet.
Departemenet har fagansvaret for lov om Norges Bank og pengevesenet, men Noregs Bank har ei sjølvstendig stilling i høve departementet. Banken kan berre instruerast av Kongen i statsråd, jf. sentralbankloven § 2.
Leiinga i departementet[endre | endre wikiteksten]
Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]
Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) er sidan 16. oktober 2013 Siv Jensen frå Framstegspartiet. Ho blir bistått av fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar.[3]
Administrativ leiing[endre | endre wikiteksten]
Øvste administrative leiar er finansråd Svein Gjedrem frå 11. juni 2011.[4] Kvar av avdelingane blir leia av ein ekspedisjonssjef, som i dei aller fleste tilfelle har rykt opp som interne kandidatar frå departementet sitt eige embetsverk.
Sjå også[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Finansdepartementet
- NSDs forvaltningsdatabase Finansdepartementets organisasjonshistorikk