Finding My Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finding My Way
Singel av Rush
frå albumet Rush
Utgjeve august 1974
Innspelt 1973
Sjanger hardrock, heavy metal
Lengd 5:07
Selskap Moon Records

Anthem/Mercury Records

Låtskrivar(ar) Alex Lifeson, Geddy Lee
Produsent Rush
Rush-kronologi 
«Not Fade Away» (1973) Finding My Way «In the Mood» (1974)


«Finding My Way» er den første songen på Rush-albumet Rush. Han er like over fem minuttar lang og i 4/4-takt. Songen er skriven av songar og bassist Geddy Lee og gitarist Alex Lifeson. Songen vart ofte spelt på konsertane til bandet i 1970-åra, vanlegvis som ein del av ein medley, noko ein kan høyre på konsertalbumet All the World's a Stage, i lag med «Working Man» og Neil Peart sin trommesolo.

Songen vart seinare berre spelt i sin heilskap på to turnear i 1980-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]