Fineilspitze

Koordinatar: 46°46′49″N 10°49′54″E / 46.78028°N 10.83167°E / 46.78028; 10.83167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fineilspitze
fjell
Fineilspitze, sett frå søraust
Land  Austerrike
Fjellkjede Ötztaleralpane
Høgd 3 514 moh.
Primærfaktor 504 m
Koordinatar 46°46′49″N 10°49′54″E / 46.78028°N 10.83167°E / 46.78028; 10.83167
Kart
Fineilspitze
46°46′49″N 10°49′54″E / 46.780277777778°N 10.831666666667°E / 46.780277777778; 10.831666666667
Wikimedia Commons: Fineilspitze

Fineilspitze er eit 3 514 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet, som reiser seg på fjellryggen Schnalskamm, har markerte egger mot nordaust og sørvest.

Fjelltoppen vart bestige fyrste gongen den 8. september 1865 av presten Franz Senn og dei to fjellførarane Cyprian Granbichler og Josef Gstrein. Frå den austerrikske landsbyen Vent kleiv dei til topps langs nordaustegga.

I september 1991 vart den såkalla ismannen Ötzi funnen vel 500 meter aust for toppen av Fineilspitze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]