Fingertare
Fingertare | |
![]() Fingertare | |
Systematikk | |
Rike: | Det gule riket Chromista |
Rekkje: | Ochrophyta |
Underrekkje: | Phaeista |
Klasse: | Brunalgar Phaeophyceae |
Orden: | Tare Laminariales |
Familie: | Laminariaceae |
Slekt: | Laminaria |
Art: | Fingertare L. digitata |
Vitskapleg namn | |
Laminaria digitata |
Fingertare er ein brunalge som er utbreidd langs heile kysten i Noreg.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]
Stor brunalge. Nedre del er fleirårig og femnar ein jamtjukk, glatt, svært bøyeleg og seig stilk, som er festa til underlaget med eit velutvikla hefteorgan. Stilken kan verte 2-3 m lang. Øvre del femnar eit glinsande blankt blad, som kan verte om lag 1,5 m langt og 0,5 m breitt, og som har lange reimliknande flikar. Bladet vert fornya kvart år nedanfrå. Ved stilken er bladplata kileforma eller avrunda. Bladet si form kan variere mykje frå stad til stad.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Planta finst langs det nordvestlege Atlanterhavet frå Grønland sørover til Cape Cod og langs det nordaustlege frå nordkysten av Russland og Island sørover til Frankrike.
Førekomst i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Arten finst på sterkt utsette stader nedanfor sagtangbeltet, og veks på 1-20 m djupn. Utbreidd langs heile kysten, men sluttar å vekse når sjøtemperaturen vert høgare enn 18° C. I kjølige somrar kan planta vekse langt innover i fjordane, i varme somrar vert taren pressa utover att.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Økonomisk verdifull alge fordi celleveggane inneheld alginsyre, som vert brukt til å framstill alginat. Desse vert brukte i næringsmiddelindustrien som tjukningmiddel i syltetøy, iskrem, tannpasta m. m. Tidlegare brende ein fingertare og framstilte soda og jod av asken. Taren vart også samla inn og turka, og brukt som gjødsel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
- Denne artikkelen bygger på «Laminaria digitata» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Fingertare hos Artsdatabanken
- (en) Fingertare – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Fingertare i Encyclopedia of Life
- (en) Fingertare i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Fingertare hos Dyntaxa
- (en) Fingertare hos ITIS
- (en) Fingertare hos NCBI
- (en) Kategori:Laminaria digitata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Laminaria digitata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Laminaria digitata – detaljert informasjon på Wikispecies