Finike
Finike | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Middelhavsregionen | ||
Provins | Antalya | ||
Høgd | 3 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 655 km² | ||
Folketal | 11 329 (2010) | ||
Folketettleik | 17 / km² | ||
Borgarmeister | Nail Dülgeroğlu | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 07740 | ||
Retningsnummer | (0090)+ 242 | ||
![]() Finike | |||
Wikimedia Commons: Finike | |||
Finike, i antikken Foenikos (gresk Φοινικοῦς), er eit distrikt ved kysten av Middelhavet i provinsen Antalya i Tyrkia, 90 minuttar vest for byen Antalya. Han ligg sør for Tekehalvøya, og kysten her ein populær turistdestinasjon. Finike er mest kjend for appelsinene som er eit symbol for byen.
I mange hundre år var Finike, då kalla Foenikos, ei hamn for Limyra, hovudstaden i Lykia. Byen skal ha vorte grunnlagd av fønikiarane på 400-talet fvt. og kalla opp etter grunnleggarane. Området har derimot vore busett langt lengre enn det.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Finike» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2012.