Finleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finleik er ei nemning for kor mange vekteiningar edelt metall (reint gull, sølv eller platina) ei legering inneheld pr. tusen vekteiningar. Dagens norske finleiksstandard er definert i «lov av 6. juni 1891 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling» og svarar til liknande lover og reglement for heile EU- og EØS-området.

Følgjande finleiksstandardar blir tillate stempla:

1. For gull: 916, 750 og 585

2. For sølv: 925 og 830

3. For platina: 950

Berre varer som tilfredsstiller krava ovanfor kan kallast gull, sølv eller platina.

Tidlegare vart nemninga «karat» òg nytta om reinleiks- eller finleiksgraden i edelmetall og anna metall, men i dag er karat ei rein vektnemning for perler, diamantar og andre edelsteinar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]