Finnøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Finnøy» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Finnøy (fleirtyding).
Finnøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1141
Fylke Rogaland
Adm.senter Judaberg
Areal 106 km²
Folkemengd 3 147 (1. jan 2015)
Politikk
Ordførar (2015-) Henrik Halleland. (KrF)
Målform Nynorsk
Nettstad www.finnoy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1141.svg
Finnøy kommune på Commons

Finnøy er ein øykommune i Rogaland fylke. Området ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Kommunen har grenser mot HjelmelandOmbo og grenser mot Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn over sjø.

Øyar med folkesetnad er Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Ombo, øygruppa Fisterøyane og øygruppa Sjernarøyane. Den største øya er Ombo, ho er delt mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland.

Sjernarøy var tidlegare ein eigen kommune og øygruppa omfattar Aubø, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy, Nord-Hidle, Nord-Talgje og Tjul.

Fisterøyane er dei øyane som tidlegare var del av Fister kommune omfattar Byre, Bokn, Måløy og Halsnøy.

Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Tettstaden Judaberg på Finnøy er kommunesenter.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Reising mellom øyar og ut av kommunen har tradisjonelt føregått med ferjer og hurtigbåtar, men Finnøy og Talgje blei landfaste med Finnfast i 2009. Året etter blei òg brua mellom Nord-Talgje og Tjul opna, noko som inneber at seks av sju øyer på Sjernarøyane er bundne saman med veg.

Fortid[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne mange minne frå tidlegare tider i kommunen. Det eldste funnet er bein frå ein isbjørn som er rundt 10 600 år gammalt. Den eldste buplassen, på Bjergøy i Sjernarøyane, er 5-6000 år gammal.

Av dei ni mellomalderkyrkjene i Rogaland har Finnøy to. Talgje kyrkje frå rundt 1140 på Talgje og Hesby kyrkje frå rundt 1200 ligg på Finnøya. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje frå 1637.

Huset til utvandrarpioneren Cleng Peerson står på Kindingstad ved Ladstein på Finnøy.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i Finnøy er jordbruk, havbruk og turisme. Nesten 50 % av dei sysselsette arbeider innanfor landbruk. Tomatdyrking har ein særskild plass i økonomien. Eggproduksjon er òg viktig med 155 000 verpehøns i kommunen i 2003.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har i nyare tid vore sterkt prega av bedehuskulturen. Kristent arbeid har fortsatt ei sterk stilling i kommunen. Det meste a kulturvirksemd i kommunen på frivillig basis. Det finnes et aktivt miljø innen bildende kunst. Tomatfestivalen blir arrangert kvart år i august og samlar fleire tusen mennesker til ulike arrangement. Flere av øyene har aktive idrettslag med vekt på fotball.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Finnøy sin tusenårsstad er Teigen amfi, planlagt av Heidi K. Urtegård, offisielt opna 5. juni 2005. Det ligg i Teigen friluftsområde, og er eit 90 dekar stort skogsområde med turstiar og variert vegetasjon. Amfiet blir brukt til kulturelle arrangement.

Kjende finnøybuar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]