Finnøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Finnøy. Finnøyfjorden går mellom Finnøy og Fogn og rundt heile austsida av Finnøy til Nord-Talgje

Finnøyfjorden er ein fjordarm av Boknafjorden i Finnøy kommune i Rogaland. Fjorden ligg langs heile sør- og aust- og nordsida av sjølve øya Finnøy, med øyane Fogn, Bokn og Halsnøy i vest og Sjernarøyane i nord. Fjorden har ei lengd på om lag 14 km.

Nord for Finnøy har fjorden innløp ved Mølsnesholmane mellom Finnøy og øya Nord-Talgje. Frå her går fjorden søraustover, mellom Finnøy og Halsnøy, Bokn og Fogn, og endar opp mellom Kvernaviga på Fogn og Vardenes på Finnøy. Vest for det sørlege innløpet ligg Talgjefjorden. Mellom Sjernarøyane og Ombo går Gapafjorden vidare nordover frå Finnøyfjorden, medan Gardssundfjorden går vidare austover på sørsida av Ombo.

På austsida av Finnøy ligg Judaberg, kommunesenteret i Finnøy, på vestsida av fjorden. Fleire ferjeruter kryssar fjorden. Det sørlegaste går frå Ladstein på Finnøy og over til Fogn. Frå Fogn går det ferje til Judaberg på Finnøy, og frå her går det ferje vidare til Øksnes på Halsnøy. Frå Halsnøy går det ferje til Eidssund på Ombo, og frå Eidssund går det ferje til Helgøy ved sida av Nord-Talgje.