Hopp til innhald

Finnøytunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnøytunnelen
Lengd5 685 meter
Stigning9,0 / 10,2
Trafikk2 033 (2024)[1]
Opna2009
Kart
Finnøytunnelen
59°07′00″N 5°48′00″E / 59.11666667°N 5.8°E / 59.11666667; 5.8

Finnøytunnelen er ein undersjøisk vegtunnel på fylkesveg 519 i Rogaland, med ein arm til Talgjefylkesveg 606.

Tunnelen går under Talgjefjorden mellom Hanasand på Rennesøy og Lastein på Finnøy, med ein avstikkar til Østabø på Talgje. Hovudtunnelen er 5 685 meter lang, armen til Talgje 1 467 meter. Tunnelen når ei djupne på 200 meter under havet og har opptil 9 % stigning, medan Talgje-armen har 10,2 %.[2]

Tunnelen er ein del av Finnfast prosjektet som gjev fastlandssamband til Talgje og Finnøy. Han vart opna 30. oktober 2009 og finansiert med bompengar fram til juli 2021. Bygginga starta i 2006, med det siste gjennomslaget i 2008. Ved opning vart det tidlegare ferjesambandet mellom Hanasand, Ladstein og Talgje lagt ned.[3]

  1. «Årdøgntrafikk Fv519 Hanasand». Statens vegvesen.
  2. Statens vegvesen: Prosjektbeskriving Arkivert 1. september 2009 på Wayback Machine. (10. september 2009)
  3. «Jubel og tut for bomfri Finnfast». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). 1. juli 2021. Henta 16. november 2021.

Bakgrunnsinformasjon

[endre | endre wikiteksten]