Finn Bendixen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finn Berg Bendixen (fødd 27. juni 1949) er ein fysioterapeut og tidlegare friidrettsutøvar frå Lillesand som vart norsk meister i lengdehopp i 1970, 1972, 1979 og 1980. Han er medlem i Lillesand IL og har budd i heimbyen sidan 1980. Perioden 1973-80 representerte han oslolgaet Kamp/Vestheim. Bendixen sin personlege rekord er på 7,97 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bendixen vann 11 medaljar i lengdehopp i perioden 1968-82. I tevling med framifrå konkurrentar som Terje Haugland, Kristen Fløgstad, Dag Birkeland og Einar Sagli lukkast han å verte noregsmeister fire gongar og elles vinne 6 sølvmedaljar og ein bronsemedalje.

Bendixen tok hoppet inn i noregseliten i øvinga i 1967. Med eit bestehopp på 7,46 meter i finske Tampere hadde han berre Kristen Fløgstad føre seg på den norske årsstatistikken. Under OL-sesongen 1968 flytta Bendixen den personlege rekorden til 7,65 m. Han tangerte rekorden i landskampen mot Finland i slutten av august 1969 og fekk i september delta i EM i friidrett 1969. Med 7,27 m lukkast han ikkje nå finalekravet i meisterskapen på 7,35 m, enda dermed på 16. plass.

År 1970 vart Bendixen norsk meister i lengdehopp for fyrste gong. I 1971 forbetra han sitt personbeste til 7,87 m, det lengste hoppet av ein nordisk utøvar gjennom sesongen. Under europameisterskapen 1971 i Helsinki tok han seg til finalen med eit hopp på 7,74 m, i finalen mislukkast han og enda på 14. plass med 7,32 m. Sommaren 1972 sette Bendixen norsk rekord med eit hopp på 7,97 meter ved eit stemne i Stockholm, som året før det lengste i Norden. Etter å ha vorte norsk meister for andre gong deltok han i Sommar-OL 1972 i München, med 7,61 m vart han nummer 21 i kvalifiseringa.

I 1973 vart Bendixen USA-amerikansk studentmeister i lengdehopp med 7,96 m. Same året måtte han sjå at Kristen Fløgstad med eit hopp på 8,02 vart fyrste nordmann over 8 meter og norsk rekordhaldar. Etter 1973 nådde ikkje Bendixen fram til tidlegare lengder. Han heldt seg likevel nær noregstoppen og sanka NM-medaljar mest kvart år, i 1979 og 1980 plukka NM-gull nummer 3 og 4.

Frå 1967 til 1982 deltok Bendixen i 44 landskampar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]