Finn Berstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Berstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juli 1901
Bergen
Død

1. oktober 1982 (81 år)
Bergen

Yrke fotballspelar

Finn Berstad (17. juli 19011. oktober 1983) var ein norsk fotballspelar frå Bergen, som spela for Sportsklubben Brann og Noregs landslag. Mellom 1921 og -32 spela han 32 landskampar for Noreg. Han vart nordisk meister for Noreg 1929-32 og vann to NM-gull med Brann.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Berstad byrja som angrepsspelar, for Brann spela han vanlegvis indre venstre, medan han på landslaget oftast var midtspiss, såkalla senterforward. Frå 1929 spela han i halfrekka på landslaget. Som høgrehalf var han i åra kring 1930, saman med Alexander Olsen og Jacob Berner, med i ei av dei beste halfrekkene/midtbanetrioen Noreg har stilt til kamp med [1].

Berstad var med då Brann tapte cupfinalen 1918 med 0-4 for FK Kvik frå Halden. Fem år seinare var han med då Bergens-klubben vann sitt fyrste NM-gull. Cupfinalen 1923 vart avvikla på Odd si grasbane i Skien, enda med 2-1-siger over Lyn. To år seinare, vart det nytt cupgull, etter 3-0 over Sarpsborg FK. Alexander Olsen gav då Brann leiinga i fyrste omgang, Berstad la på 2-0 og 3-0 i andre omgang. Berstad, omtala som ein «intelligent spiller»[2], var lagkaptein for Brann i begge dei sigerrike cupfinalane.

Berstad skåra 13 landslagsmål på sine 32 landskampar. To av måla kom i debuten mot Finland 25. mai 1921, men kampen enda med norsk tap 2-3. Han var kaptein i 22 av landskampane han spela. Den nordiske meisterskapen i fotball for 1929-32, enda med norsk siger.

Berstad er gravlagd i Gravdalspollen i Bergen[3].

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupmeister 1923 og 1925 med Brann
  • NM-sølv 1918 med Brann
  • Nordisk meister 1929-32 for Noreg

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili;Fotballboken s. 79
  2. Magnus Breili;Fotballboken s. 79
  3. http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy

Kjelder[endre | endre wikiteksten]