Finn C. Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn C. Knudsen
Fødd13. oktober 1868
Porsgrunn
Dødaugust 1955 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, ingeniør
FarJørgen Christian Knudsen
Alle verv

Finn Christian Knudsen (13. oktober 186824. august 1955) var ein norsk ingeniør, næringsdrivar og politikar frå Porsgrunn. Han representerte partiet HøgreStortinget 1922-24. Jørgen Knudsen var far hans.

Finn C. Knudsen utdanna seg til skipsingeniør og praktiserte ei tid som skipsbyggjar, mellom anna i Glasgow i Skottland. Frå 1890-åra var dreiv han i mange år Langesundfjordens Buxerselskab. Han starta eller stod bak ei mengd forretningstiltak, nokre av desse gjorde han til ein rik mann. Såleis kom Knudsen til å prege mykje av næringslivet i Skiensfjorden fram til utbrotet av andre verdskrigen. Til ulike tider var han styreleiar i Eidanger Sparebank, Skiensfjordens Kreditbank, Traag Iscompagnie, Bratsberg Bruk og Norsk Metallverk/Porsgrund Metalverk A/S.

Knudsen var ordførar i Eidanger kommune periodane 1908-10 og 1917-19. Han var stortingsrepresentant 1922–24, vald frå valkrinsen Notodden, Skien, Porsgrund, Brevik, Kragerø, Risør, Arendal, Grimstad. På Stortinget var han medlem i Justiskomiteen.

Knudsen var aktiv siglar, mangeårig formann Langesundfjordens Seilforening. Han støtta IF Urædd, der han vart utnemnd til heidersmedlem i 1919. Han gav også ut to bøker med lokalhistorie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]