Finn Christian Jagge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finn Christian Jagge (fødd 4. april 1966) er ein norsk tidlegare skirennar som vart olympisk meister i slalåm i 1992 i Albertville. Mellom desember 1991 og desember 1999 vann han sju renn i verdscupen i alpint, alle i slalåm. Han var medlem av Bærums Skiklubb.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jagge fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i 1985 då han vart nummer 15 i spesialgreina slalåm under VM i alpint. To år seinare kom han på sjuandeplass i den alpine kombinasjonen i VM 1987 i Crans-Montana. Under vinter-OL 1988 i Calgary vart han nummer ni i kombinasjonen, den beste norske plasseringa i alpint under leikane. I dei neste alpine verdsmeisterskapane, 1989 og 1991, vart han høvesvis nummer 13 og 8 i slalåm.

Den 17. desember 1991 kleiv Jagge inn mellom verdstoppane i slalåm-øvinga. Han vann då i Madonna di Campiglio sitt fyrste renn i verdscupen i alpint. Mindre enn to månader seinare opplevde han høgdepunktet som ski-alpinist. Han sikra seg gullmedaljen i slalåm under vinter-OL i Albertville, 0,28 sekund føre Alberto Tomba frå Italia. Jagge vart same året tildelt Morgenbladets gullmedalje for 1992, saman med seglaren Linda Andersen.

Utover på 1990-talet tevla Jagge ofte jamnt med dei beste slalåmkøyrarane i verda. Han vann verdscuprenn i 1994, 1997, 1997/98-sesongen, to renn i 1998/99-sesongen og tok midt i desember 1999 sin sjuande og siste siger i verdscupen i slalåm på same staden der han åtte år tidlegare, på få dagar nær, tok sin fyrste siger.

Jagge la opp som aktiv alpinist i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar