Finn E. Kydland
Finn E. Kydland | |
![]() | |
Fødd | 1. desember 1943 Ålgård |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Område | samfunnsøkonomi |
Yrke | samfunnsøkonom, professor |
Institusjonar | University of California, Santa Barbara Carnegie Mellon University Universitetet i Bergen |
Alma mater | Norges handelshøyskole Tepper School of Business |
Doktorgradsrettleiar | Edward C. Prescott David Cass |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Real Academia de Ciencias Económicas y Financieras |
Finn Erling Kydland (fødd 1. desember 1943) er ein norsk økonom og nobelprisvinnar busett i USA. Hovudområda hans er makroøkonomi og politisk økonomi.
Innhaldsliste
Nobelprisarbeidet[endre | endre wikiteksten]
Kydland vart tildelt Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel for 2004 saman med Edward C. Prescott. Det han og Prescott samarbeida om var å laga ein økonomisk modell for makroteorien med utgangspunkt i mikroteori. Medan makroteori handlar om samfunnet generelt, det vil seie utvikling av inflasjon eller brutto nasjonalprodukt, handlar mikroteori om korleis enkeltpersonar og verksemder ter seg.
Modellen deira løyste problem frå 70-talet med høg inflasjon og høg arbeidsløyse som dei eldre økonomiske modellane til John Maynard Keynes ikkje kunne hanskast med. Den nye modellen gjekk ut på å binda økonomipolitikken slik at alle visste kva som kom til å skje seinare.
Personleg[endre | endre wikiteksten]
Kydland kjem opphavleg frå Gjesdal. Han skal ha fått interessa for økonomi då han byrja å føra rekneskapa for ein venn som alte opp mink. Han studerte seinare faget ved NHH og tok doktorgrada ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh der han òg er professor. Han har den same stillinga ved University of California.
I tillegg til den djupe interessa si for økonomien liker Kydland òg bluesmusikk. Han er ein ihuga idrettsmann som har sprunge maratonløp fire gonger, og både speler og ser fotball.