Finn Hågen Krogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Hågen Krogh


Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. september 1990 (33 år)
Alta
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018

Finn-Hågen Krogh (fødd 6. september 1990) er ein norsk langrennsløpar frå Alta som vart verdsmeister i sprintstafett saman med Petter Northug under Ski-VM 2015 i Falun. Krogh, som er medlem av Tverrelvdalen Idrettslag, har vunne tre renn i verdcupen sesongen 2014/15.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Krogh fekk sitt gjennombrot då han i Falun vart nummer to i verdscupsavslutninga, ein prestasjon han kopierte same staden to år seinare. I 2013 gjekk han inn til sølvmedalje på 15 km under NM på Voss, vel fem sekundar bak Martin Sundby.

Vinteren 2014/15 vann to sprintrenn i verdscupen, det siste i Östersund. Dagen etter siste sprinttriumfen vann han også 15 km i Östersund. Ei veke etter gjekk han sprintstafetten under Ski-VM i par med Petter Northug, og vann gullmedalje på ein overbevisande måte.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]