Finn Kaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Kaas
Statsborgarskap Noreg, Tyskland
Fødd 25. mars 1917
Nesodden
Død

13. mars 2007 (89 år)
Delmenhorst

Yrke offiser
Språk tysk
Politisk parti Nasjonal Samling
Medlem av Sicherheitsdienst, Sicherheitspolizei, Nasjonal Samling

Finn Knutinge Kaas (25. mars 191713. mars 2007) var ein norsk agent, angjevar, torturist og frontkjemper for nazistane i Noreg andre verdskrigen. Han var tilknytt Sicherheitsdienst (SD) og Sicherheitspolizei (SIPO).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Finn Kaas vart fødd på Nesodden. Han vart tilsett som aspirant i politiet i 1939 etter å ha gått ut av middelskulen. Då tyskarane gjekk til åtak på Noreg i 1940 meldte han seg inn i Nasjonal Samling. Han byrja å arbeide for Sicherheitsdienst i Oslo i 1941, der han etter kvart vart utnemnd til sersjant (Hauptscharführer). Kaas utmerka seg som provokatør; han utgav seg som motstandsmann, noko som gjorde at han fekk innpass i fleire illegale grupper. På denne måten stod han bak nokre av landets største og mest alvorlege opprullingane av illegalt arbeid, mellom anna overslaga mot Englandsfarten i Ålesund i 1941. Etter aksjonane mot Englandsfarten, då motstandsrørsla vart klar over det han gjorde, verva han seg som frontkjempar på Austfronten frå 1941 til 1944.

Han gjekk inn i Den norske legionen og tenestegjorde i 3./SS-Frw. Legion Norwegen og fekk graden SS-Unterscharführer der. For dette vart han sommaren 1943 påskjønna med Jarnkrossen av 2. klasse[1]. Han gjekk på eit førebuingskurs for opptak på SS-Junkerschule i Bad Tölz, men han vart ikkje oppteken som elev. Han byrja difor seinare i SIPO, der han vart svært aktiv som torturist.

Under krigen vart det gjort fleire forsøk på å likvidere Finn Kaas. I november 1944 fekk Leif Kjemperud frå Osvaldgruppa i oppdrag om å likvidere Kaas i bustaden hans i Gabrielsgate. Planen var å skyte Kaas idet han skulle opne ei blendingsgardin. Oppdraget vart mislykka, då det var ei dame - og ikkje var Kaas som dukka opp i vindauget. Motstandsmennene vart så skotne på av tyske offiserar som stod på staden, men kom seg unna[2]. Eit anna forsøk vart utført 4. desember 1944, då det vart svogeren og kollegaen Reidar Voigt som vart drepen, og ikkje Kaas. Etter krigen freista Kaas å gøyme seg blant tyske soldatar på Haslemoen, kor han vart arrestert. I landssvikoppgjeret vart han fyrst dømt til døden. Domen vart stadfesta av Høgsterett i 1947, men av di han hadde vore så samarbeidsvillig med å oppgje sine tidlegare oppdragsgjevarar, vart domen omgjort til livsvarig fengsel.

Laurdag 2. november 1957 vart Finn Kaas, saman med Kaare O. Hagen og Håkon Odding gjevne nåde av kong Olav V i statsråd. Dei var dei aller siste SIPO-agentane som vart sleppte laus og dei som òg hadde sona lengst av dei som vart dømte for landssvik. Kaas vart utvist til Tyskland same dag han vart prøvelauslaten, av di han hadde teke tysk statsborgarskap medan han tenestegjorde som frontkjempar. Han busette seg i Bremen og arbeidde som forretningsmann. Han døydde i Delmenhorst i Niedersachsen 13. mars 2007, 89 år gamal[3].

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]