Finn Ludt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Ludt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. november 1918
Fana
Død

3. august 1992 (73 år)
Oslo

Yrke musikar, komponist, pianist, musikkritikar

Finn Ludt (fødd 16. november 1918 i Fana utanfor Bergen, død 13. august 1992) var ein norsk komponist og pianist.

Som tonesetjar og komponist var Finn Ludt uvanleg produktiv. Han skreiv teatermusikk, blant anna til musikalversjonen av Alf Prøysen sin Trost i taklampa i 1963 og Arnljot Eggens politiske Pendlerne i 1972, ballettar og romansar, men vart særleg kjent for ei rekkje svært populære barnesongar og viser. Han skreiv til saman fleire hundre songar og musikk til blant anna 70 høyrespel.

Finn Ludt var òg musikkritikar i Morgenbladet, der han byrja i 1946.

I 1982 fekk han Alf Prøysens Ærespris

Kjende visemelodiar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • «Blåklokkevikua», tekst av Alf Prøysen
  • «Lillebrors vise», tekst av Alf Prøysen
  • «Blåbærtur'n», tekst av Alf Prøysen
  • «Vandringsvise», tekst av Einar Skjæraasen
  • «Danse mi vise, gråte min sang», tekst av Einar Skjæraasen
  • «Hildringstimen», tekst av Erik Bye
  • «Vår Herres klinkekule», tekst av Erik Bye
  • «Skigardsvise», tekst av Stanley Jacobsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]