Finn Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finn Moen
Fødd 11. juni 1915
Død

13. mai 1999

Yrke fotballspelar

Finn Moen (11. juni 191513. mai 1999) var ein norsk fotballspelar frå Sarpsborg som spelte 10 landskampar og vann fire cupgull med Sarpsborg Fotballklubb.

Moen spelte i alle år på Sarpsborg FK, med fast tilhald på høgrebacken. Han var med å vinne noregsmeisterskapen i fotball både i 1939, 1948, 1949 og 1951 etter finalesigrar over Skeid (to gongar), Fredrikstad FK og Asker Skiklubb.

Moen debuterte på det norske landslaget 22. oktober 1939 i København. Han fekk sin andre landskamp seinsommaren 1945, også då var Danmark motstandar. I 1946-sesongen hadde han fast landslagsplass, men i 1947 fekk han ingen kamp i landstrøya. Han spelte sin 10. og siste landskamp 6. august 1948, då Noreg vann med 11-0 over USA. Forunderleg nok var Danmark motstandar i sju av dei ti landskampane Moen spelte.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1939, 1948, 1949 og 1951 med Sarpsborg