Finn Støren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finn Støren
Fødd 20. november 1893
Kristiansand
Død

18. april 1962
Buenos Aires

Yrke diplomat, forretningsdrivande
Finn Støren på Commons

Finn Støren (fødd 20. november 1893 i Kristiansand, død 18. april 1962 i Buenos Aires[1][2]) var ein norsk finansmann og diplomat.

Han tok examen artium i 1914, studerte finans og dreiv meklarfirmaet P. Anker i Kristiania. I Russland trefte han Fridtjof Nansen og Vidkun Quisling som dreiv hjelpearbeid under svoltkatastrofen der.

I 1922 var han blant dei første nordmennene som budde på Galápagos i lengre tid, i eit forsøk på å kolonisera øygruppa saman med Per Bang og Jens Aschehoug.[3] Dei gav ut ei reiseskildring i 1926. Han var i lengre tid utanlands som diplomat i Russland, Colombia og konsul i Panama 1930-33.

Tilbake i Noreg i 1933 busette han seg i Drangedal og vart med i Nasjonal Samling.[4] Støren vart reiar i eige kvalfangstfirma i Kragerø. Han eigde mellom anna kvalkokaren FLK «Roald Amundsen» (1904) frå 1937 til 1939, uten at denne blei swtt i drift.

Han verka som leiar for Direktoratet for spesialorientering i perioden 1940-45. Direktoratet var innordna Innanriksdepartementet, men var meint å bli det nye utanriksdepartementet etter okkupasjonen.[5] I denne funksjonen var Støren i praksis uoffisielle utanriksminister for Quisling, og var blant anna Quisling sin ledsagar på besøk hjå Adolf Hitler.[6] Etter krigen vart han arrestert, men flykta til Argentina i 1947 saman med mellom andre Arne Høygaard.

Det er kjent at han skreiv under pseudonyma F. Grong og F. Balg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]