Hopp til innhald

Finn Tveter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Tveter
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. november 1947
Oslo
Død 30. juli 2018 (70 år)
Oslo
Idrettroing
Tok del i roing under sommar-OL 1976 – Firar uten styrmann menn, Roing under Sommer-OL 1972 – Firer med styrmann menn

Finn Ivar Tveter (19. november 1947–30. juli 2018) var ein norsk jurist og roar frå Oslo.

Tveter var direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund og advokat for Forbrukarrådet.

Tveter var med då Noreg vann bronsemedaljen i Verdsmeisterskapen i roing 1970 i firar med styrmann, den fyrste norske medaljen i eit ro-VM. Under Sommar-OL 1976 i Montreal rodde han og Ole Nafstad, Arne Bergodd og Rolf Andreassen i klassa firar utan styrmann Noreg inn til sølvmedalje.