Finn Westbye
Finn Westbye | |
![]() | |
Fødd | 10. februar 1914 |
---|---|
Død | 12. juli 1994 (80 år) |
Fødenamn | Finn Andreas Westbye |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 1930–1994 |
Instrument | fiolin, gitar, tenorsaksofon |
Verka som | musikar, saksofonist, jazzgitarist, jazzmusikar |
Finn Andreas «Mustangen» Westbye (fødd 10. februar 1910 i Kristiania, død 12. juli 1994) var ein norsk jazzmusikar, son av musikar Sigurd O. Westbye og kjent frå ei rekkje innspelingar og skandinaviske samarbeid.
Den initielt banjo-spelande Westby spelte tidleg med Cirkus Verdensteater, før han vart med som fiolinist i eit tidleg jazzband (1924). Seinare spelte han gitar i Kabaorkesteret leia av Willie Vieth, i Funny Boys (1933-39), Freddy Valier og Robert Normann's eigen kvartett String Swing (1938-39). Westbye trakterte tidvis òg saksofon i orkester leia av Øyvind Bergh (Bristol-orkestret 1939-43), Cecil Aagaard og Gunnar Sønstevold, i sitt eige orkester, og dessutan i Sy-We-La. I den seinare tida spelte han òg i Oddvar Nygaards kvartett og Per Borthen og Per Nyhaug's orkester, gjorde innspelingar med Karin Krog, og figurerte på fjernsyn utover 1980-talet.
Han var tilsett i Schlagerforlaget.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Finn Westbye» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2011.