Finn i Gropa og fleire
| | |||
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Utgjeven | 1929 | ||
| Forlag | Olaf Norlis Forlag | ||
| Sider | 152 | ||
Finn i Gropa og fleire er ei novellesamling frå 1929 av Halvor Floden.[1] Boka inneheld fire noveller: «Finn i Gropa», «Tømmerhoggarar», «Nils Brenn og garden hans» og «'Skatten'».
Det er uklart om boka er ei barnebok eller bok for vaksne; ho har vorte handsama som begge deler.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes i 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[2] Dei hadde fem barn, fødd 1907–1920.[3]
Novella «Tømmerhoggarar» stod på trykk i bladet For Bygd og By i november 1929, samstundes med at boka kom ut.[4]
Mannen Finn i den første novella er den same Finn som var barn og hovudperson i Furuberg-Finn, Flodens barnebok frå 1927.[5]
I Norsk bokfortegnelse, hos Deichmanske bibliotek og av nokre andre vart boka handsama og omtalt som ei barnebok.[6][7][8] Andre, som t.d. Nynorsk bokliste frå Noregs Mållag, nemner boka som ei bok for vaksne.[9][10][11][12] I ei usignert melding om haustens bøker frå Olaf Norlis Forlag, som stod i fleire blad, heitte det at «Ei samling forteljingar av Halvor Floden, Finn i Gropa, syner at han er like god når han skriv for vaksne som for barn.»[13][14][15]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Slik det er vanleg hos Floden,[16] er handlinga i novellene lagt til austnorske skogbygder.
Finn i tittelnovella er rydningsmann og bureisar. Han er sterk og arbeidsam, og vinn etter kvart alles respekt og Åses kjærleik.[5]
I «Tømmerhoggarar» må tre søner hjelpe faren Syver med ei tømmerdrift medan faren blir sjuk og treng lege.[17][18]
«Nils Brenn og garden hans» er ei humoristisk skildring av ein bonde og nydyrkingsmann som møter jobbetida med meir krefter enn fornuft.[19][20]
Omtale
[endre | endre wikiteksten]Meldaren M.S. i Midnattsol – ungdomsblad for Nord-Norig meinte at den første novella var den beste, men og at alle novellene hadde emne i seg til å bli utvida til ein roman.[21] Meldaren E.H. i Glommen og Østfold Dagblad meinte at det var «både interessant og underholdende å lese om disse oprinnelige urfriske karer fra skogene i Trysil.»[22][23]
Meldaren Olav Dalgard peikte i ei melding på at Flodens hovudpersonar er prega av «framtaksviljen og gå-på-trassen» og «idealiteten».[24] Ein annan stad skreiv han at Floden er «en sikker stilist som kjender folket i skogbygda til bunds. Han elsker deres trofasthet mot jorden og sig selv, og denne gjengir han slik at det overbeviser og glæder.»[11] Meldaren Hans Nerhus i Unglyden trakk og fram tittelnovella, der arbeid og framtak og personleg dåd blir lønna med bygdas respekt.[25] Tov Flatin skreiv begeistra om boka, og kalla ho «ein lovsong til den trufaste slitaren».[26] Meldaren M.L.R. i Stavanger Aftenblad ga eit sympatiserande referat av tittelnovella.[27] Magne Sørflaten i Austland meinte at boka var «frisk, sann og ekte».[28] Meldaren i Fjordabladet rosa også tiltak og krafttak hos personane i boka.[29] Nils Lavik skreiv om boka i Dagen, og rosa mannleg urkraft, sømd og moralsk kjensle hos hovudpersonane.[30] R Grieg i Aftenposten meinte derimot at tittelnovella var tilgjort, urealistisk og naiv, medan «Tømmerhoggarar» var ekte.[31]
Olav Midttun som skreiv Boksjå i Syn og Segn meinte at tittelnovella var gild å lese, med «det ljose friske humør og godluna som Floden hev», men óg at det var noko stereotypt og føreseieleg over historia.[19] Meldaren I.H. i Ringerikes Blad fann «en dyp og medfølende forståelse av menneskenaturen» i tittelnovella.[32]
Meldaren i Inntrøndelagen likte «Tømmerhoggarar» best, og meinte at det var «en mesterlig skildring av det slitsomme liv i skog og koje».[33] Anders Hovden skreiv Bokbrev i avisa Velgeren, og trakk også fram «Tømmerhoggarar» som gripande.[34] Meldaren M.S. i Østlendingen meinte at «Tømmerhoggarar» var som eit «epos um hardbeitte truverdige slitarar i skogen», og at novella kunne passe i ei lesebok under rubrikken Folket i arbeide.[35]
Rolv Thesen meldte boka i Arbeiderbladet; han fann ikkje noko nytt eller originalt i dei to første novellene.[36]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floden, Halvor (1929). "Finn i Gropa" og fleire. Oslo: Norli.
- ↑ Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo. 1943. s. 426.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
- ↑ «For bygd og by». Kristiania. 1929. s. 513.
- 1 2 «Høgskulebladet». Svorkmo. 1929. s. 202.
- ↑ «Norsk bokfortegnelse : femårsfortegnelse 1926/1930». Oslo. 1926. s. 607.
- ↑ Bøker for barn og unge i barne- og ungdomsavdelingen. Oslo: Deichmanske bibliotek. 1933.
- ↑ Rikka Deinboll (1938). «Barnelitteraturen». Barn og bøker. Tiden. s. 7-37.
- ↑ Nynorsk bokliste. Oslo: Noregs mållag. 1957. s. 5.
- ↑ Nynorsk boklista. 4: 1926-1935. Oslo: Samlaget. 1942. s. 336.
- 1 2 Olav Dalgard (1929-12-09). «Noveller». Norges Handels og Sjøfartstidende. s. 2.
- ↑ «Norsk barneblad». Oslo. 1929. s. 387.
- ↑ «Midnattsol». Halsøy i Vefsn. 1929. s. 3.
- ↑ «Unge Agder». 1929. s. 3.
- ↑ «Ungdomsvon». Molde. 1929. s. 3.
- ↑ Tordis Ørjasæter, m.fl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen. s. 203. ISBN 8202019052.
- ↑ «Sunnmørsposten». 1929-12-17. s. 6.
- ↑ «Nordlands Framtid». Bodø. 1930-01-16. s. 3.
- 1 2 Olav Midttun (1929). «Boksjå». Syn og segn. Oslo. s. 470-471.
- ↑ Asbjørn Øverås (1929-12-17). «Av årets nye bøker». Nidaros. Trondheim. s. 7.
- ↑ «Midnattsol». Halsøy i Vefsn. 1929. s. 3.
- ↑ «Glommen». Sarpsborg. 1929-12-02. s. 4.
- ↑ «Østfold Dagblad». Fredrikstad. 1929-12-02. s. 2.
- ↑ «For folkeoplysning». Oslo. 1930. s. 11.
- ↑ «Unglyden». Voss. 1929-11-28. s. 2.
- ↑ «Kongsberg Dagblad». 1929-11-28. s. 1.
- ↑ «Stavanger Aftenblad». 1929-12-27. s. 7.
- ↑ «Austland». Oslo. 1929-11-28. s. 2.
{{cite news}}: CS1 maint: year (link) - ↑ «Fjordabladet». Eid. 1929-12-05. s. 2.
- ↑ «Dagen». Bergen. 1929-12-21. s. 0.
- ↑ «Aftenposten». 1929-12-07. s. 8.
- ↑ «Ringerikes». 1929-11-19. s. 4.
- ↑ «Inntrøndelagen». Steinkjer. 1929-11-27. s. 2.
- ↑ «Velgeren». Gjøvik. 1929-11-27. s. 1.
- ↑ «Østlendingen». Elverum. 1929-11-29. s. 2.
- ↑ «Arbeiderbladet». Oslo. 1929-12-18. s. 11.