Finna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finna
elv
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Lom, Vågå
Nedslagsfelt 466,01 km²
Sideelvar Råkaåi, Gjerdingåi,
Skjerva
Lengd 42,8 km
Middelvassføring 9,47 /s
Kjelde Honnsjoen
 - høgd 1 093 moh.
Munning Otta ved Vågåmo
 - høgd 363 moh.
Kart
Finna
61°52′09″N 9°06′42″E / 61.869166666667°N 9.1116666666667°E / 61.869166666667; 9.1116666666667
Wikimedia Commons: Finna

Finna er ei elv som har utspringet sitt frå innsjøen Råkåvatnet og renn gjennom Finndalen, Skårvangen, Skogbygda, Vågåmo og ut i Ottaelva, like nedanfor utløpet av Vågåvatnet. I Finndalen bukter Finna seg i meandersvingar og har danna mange gamle kroksjøar.

Elva renn forbi fleire seterområde som Vangen, Sterringen, Breistulen og Odden. Når Finna har passert Odden går dalen over frå å vere ein hengande U-dal til ein V-dal og går i fleire stryk og fossefall. Den største fossen heiter Hølgjelfossen og ligg rett aust for grensa mellom Lom og Vågå kommune. Rett nord for denne fossen og litt opp i lia ligg setertufta Klomsroi som er nemnd i eit av Asbjørnsen og Moe sine eventyr om Jens Klomsroi. Hovuddelen av Finndalen ligg i Lom kommune, men når Finna går over til å verte fossar og stryk er ho kome inn i Vågå kommune.

Finna er verna med omsyn til Verneplan IV for vassdrag.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.