Finnair Skywheel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnair Skywheel med kaia og ei ferje i bakgrunnen.

Finnair Skywheel er eit pariserhjul i sentrum av Helsinki i Finland som vart sett i drift 3. juni 2014. Hjulet står på Skatudden/Katajanokka, i nærleiken av den staden der flyselskapet Finnair byrja verksemda si på 1920-talet under namnet Aero Oy.

Finnair Skywheel er 40 meter høgt, konstruert av det nederlandske firmaet Dutch Wheels, og er eigd og drive av Skywheel Helsinki Oy. Pariserhjulet har 29 blå-kvite gondolar og dessutan ein VIP-gondol i avvikande farge, utstyrt med sete av lêr og glasgolv. Kvar gondol har plass til åtte personar, men VIP-gondolen berre fire personar. Hjulet roterer ein runde på10–12 minutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]