Finnefondet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finnefondet var eit sentralt instrument i den norske staten sin fornorskingspolitikk mellom 1852 og 1921.[1] Fondet var dei første åra ei løyving over statsbudsjettet for å finansiera ei rekkje tiltak innan skuleverket i Finnmark og Troms til assimilering av samar: «at bibringe Lapperne undervising i det Norske Sprog».[2] Budsjettposten vart omtalt av Stortinget som «Til foranstaltninger til udbredelse af kjendskab til det Norske sprog blandt lapper og kvæner».[3]

Midla frå fondet vart i byrjinga brukt til belønning av lærarar som viste effektivitet i å læra samiske og kvenske born norsk. Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet vart løyvingane trappa betydeleg opp og fordobla opp mot første verdskrigen. Årsaka var eit ønske om å effektivisera fornorskingsarbeidet gjennom skiping av statlege skuleinternat for samiske og kvenske barn. I 1921 vart namnet på Finnefondet endra til det litt mindre kontroversielle «Særbidrag til folkeskolane i Finmark landdistrikt» etter ein gradvis veksande motstand mot den norske assimileringspolitikken, mellom anna i form av det første samiske landsmøtet 6. februar 1917.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Larsson, Bjørg. Finnefondet - et fornorskingsinstrument. Tromsø: Universitetet i Tromsø. 
  2. Bjørklund, Ivar. Fjordfolket i Kvænangen. Universitetsforlaget. s. 262. ISBN 9788200073208. 
  3. 3,0 3,1 Zachariassen, Ketil. Samiske nasjonale strategar : samepolitikk og nasjonsbygging 1900-1940 : Isak Saba, Anders Larsen og Per Fokstad. Kárášjohka: ČálliidLágádusa. ISBN 978-82-8263-117-4. 
Spire Denne samiske artikkelen som har med Noreg og historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.