Finnegans Wake av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finnegans Wake
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Desember 2011
Innspelt Sommaren 2011
Studio Eastgate Studios i Wien
Lengd 59:03
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Mona da Vinci
(2011)
Finnegans Wake Knights of Asheville
(2011)


Finnegans Wake er det 132. albumet totalt og det 55. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve desember 2011.[1]

Plata var den tredje i Sonic Poems-serien til Tangerine Dream, som byrja med The Island of the Fay tidlegare i 2011. Plata var basert på romanen Finnegans Wake av James Joyce. Prinsippet til denne serien var bøker som inspirerte musikken til Edgar Froese og Thorsten Quaeschning. Quaeschning har komponert tre av dei åtte spora på albumet, Froese dei andre.[1]

«Resurrection by the Spirit» verkar å vere ein remiks av utdrag frå «Ricochet, Part Two» frå Ricochet.[1]

Det står ikkje i plateomslaget kven som spelte på plata, men Bernhard Beibl, Hoshiko Yamane, Iris Camaa og Linda Spa, har alle blitt takka, så ein kan tenkje seg at desse har spelt på deler av albumet.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelMusikkLengd
1.«The Sensational Fall of the Master Builder»Frose9:03
2.«Finnegans Excessive Wake»Quaeschning8:13
3.«Resurrection by the Spirit [2011 remix]»Frose5:39
4.«Mother of All Sources»Quaeschning8:53
5.«The Warring Forces of the Twins»Frose4:34
6.«Three Quarks for Muster Mark»Quaeschning6:17
7.«Everling's Mythical Letter»Frose8:01
8.«Hermaphrodite»Frose8:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tangerine Dream
Følgjande vart takka i omslaget og kan ha delteke musikalsk
  • Linda Spa – saksofon, fløyte, klaverinstrument
  • Iris Camaa - elektroniske tormmer, klaverinstrument
  • Bernard Beibl – gitar og elektrisk fiolin
  • Hoshiko Yamane – fiolin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Finnegans Wake». Voices in the Net. Henta 24. juli 2020.