Finnfjord smelteverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Finnfjord AS)
Finnfjord smelteverk

Finnfjord smelteverk under firmanamnet Finnfjord AS er ei norsk verksemd som produserer ferrosilisium (FeSi) og silika. Smelteverket ligg i Finnfjordbotn i Senja kommune, fem kilometer frå byen Finnsnes. Bygginga av dåverande Fesil Nord starta i 1960 og den første smelteovnen starta i mars 1962.[1] Inntil 1974 vart det brukt kvarts frå eit område ved EspejordDyrøya.[2]

Finnfjord Smelteverk vart grunnlagt i 1983 etter at drifta hadde vore innstilt etter at Fesil Nord gjekk konkurs i 1982.[3] Føretaket produserer ca. 100 000 tonn ferrosilisium i året og er ein av Europas største produsentar av ferrosilisium.[4] Ferrosilisium er ein føresetnad for produksjonen av stål og ulike stålprodukt. Finnfjord Smelteverk leverer òg silika, som er eit verdefullt stoff i moderne betongteknologi. Firmaet er òg i ferd med å starta levering av vassvarme, totalt potensial for lågtrykksdamp er 315 GWh/år og lågtemperatur overskotsvarme 200 GWh/år.

Kvarts frå Tana er råstoff til produksjonen.[4]

Føretaket fokuserer på forsking og utvikling og har forskingsprosjekt i samarbeid med næringsorganisasjonar som Ferrolegeringsindustriens Forskingssamskipnad (FFF) og med NTNU og SINTEF.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten, 8. januar 1962.
  2. Kvartsressurser i Troms fylke.
  3. Aftenposten, 19. mai 1983
  4. 4,0 4,1 Aftenposten, 27. april 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]