Finnfjordbotn vidaregåande skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finnfjordbotn vidaregåande skole
MottoTradisjon - Visjon - Handling
SkuletypeOffentleg vidaregåande skole
Grunnlagt1946
FylkeTroms
KommuneLenvik
TettstadFinnsnes
AdresseFinnfjordbotn, 9300 Finnsnes
RektorBørre Krudtå
Klasser25
Elevar350
Tilsette80
Nettstadwww.finnfjordbotn.vgs.no/

Finnfjordbotn vidaregåande skole er ein offentleg vidaregåande skole som ligg i utkanten av Finnsnes i Lenvik kommune. Skulen vart grunnlagd i 1946 som landsgymnas med elevar frå Nordland, Troms og Finnmark. I 1970-åra var skulen i Finnfjordbotn forsøksgymnas, og har sidan vore ein utviklingsaktiv, vidaregåande skule.

Skulen har eit breitt tilbod innan studiebetrande utdanningsprogram, og «International Baccalaureate Diploma Programme» som alternativ til dei to siste åra. Det er eit globalt program, med undervisning på engelsk og større fagleg fordjuping enn på studiespesialisering. Finnfjordbotn er den nordlegaste IB World School i verda, og tek imot elevar frå heile Nord-Noreg og utlandet. Skulen har også internat med plass til 80 elevar.

Studietilbod[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]