Finnkona

Koordinatar: 66°07′20″N 12°43′30″E / 66.12222°N 12.72500°E / 66.12222; 12.72500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnkona
Finnkona sett frå aust, biletet tatt frå hurtigruta undervegs mellom Nesna og Sandnessjøen. Foto: Finn Rindahl
Finnkona sett frå aust, biletet tatt frå hurtigruta undervegs mellom Nesna og Sandnessjøen.

Foto: Finn Rindahl

Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°07′20″N 12°43′30″E / 66.12222°N 12.72500°E / 66.12222; 12.72500

Areal 0,3 km²

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 0

Finnkona er ei øy som ligg ved utløpet av Ranfjorden, i skipsleia utanfor Fagervika i Leirfjord kommune, mellom Sandnessjøen og Nesna.

Øya har mange gravrøyser som vitnar om at øya har vore bruka av folk heilt frå jernalderen. Røysene kan òg knytast til seinare samisk bruk[1]. Øya er nemnd under garden Fagervika i Olav Engelbrektssons jordebok (ca. 1533)[2].

Namnet er ikkje sikkert forklart, men kan ha samanheng med sjøsamisk bruk av øya[3]. Ein stor stein, som etter tradisjonen er ein offerstein, er definert som samisk kulturminne. Slik øya ligg til, langt frå land og langt frå dei kjende symjerutene for rein, vert ho ikkje regelmessig bruka i reindrifta, men det er kjend at ho år om anna vart bruka som mellomlandingsplass når reinen vart sumd mellom Fagervika og Løkta.

Helgeland Skogselskap kjøpte «øen Finkonna gaards-no 95, brugs-no 1 i Nesne thinglag af skyld mark 1,30» for 600 kr i 1906[4], og dei sette i gang eit skogreisingsprosjekt på øya. For planteforsyninga vart det etablert ein planteskole på øya. Alb. Klæboe i Fagervika vart tilsett som oppsynsmann for eigedommen. Ulike treslag vart prøvde; alminneleg gran, alminneleg furu, buskfuru, sembrafuru, engelmannsgran, blågran, sibirsk lerk, bjørk, ask og rogn. Fram til 1920 vart det sett ut 57 000 plantar, av dei treslaga som først vart planta, var det engelmannsgrana som greidde seg best. Sidan fekk dei sjå at det treslaget som tolte klimaet best, var sitkagrana, som vart planta frå rundt 1950.

Skogselskapet fekk røyne at sjølv om jorda var god, og plantane voks godt i starten, var øya med si vêrutsette plassering ved munningen av Ranfjorden ei skogens yttergrense. I tillegg fekk dei problem med vånd som undergrov plantefelta. På 1990-talet lagde skogselskapet ein skogsti på øya, slik at folk kan sjå på kulturminne, vegetasjon og ulike treslag i eit utsett havklima.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]