Finnmarkseiendommen
Finnmarkseiendommen | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 989480731 | ||
Skipa | 25. november 2005 | ||
Hovudkontor | Lakselv | ||
Verkeområde | Finnmark fylke | ||
Tilsette | 41 (Ukjent) ![]() | ||
Nettstad | https://fefo.no/?sprak=1 ![]() |
FeFo[1] eller Finnmarkseiendommen (nordsamisk Finnmárkkuopmodat) består av grunneigedommar i Finnmark som inntil 1. juni 2006 var statlege. Eigedommen har eit areal på om lag 44 000 km²; om lag 96 % av landarealet i Finnmark fylke.
Eigedommane vart overførte frå staten til Finnmarkseiendommen i 2005 ved lovvedtak i Finnmarkslova. Overføringa av eigedomsretten kom i kjølvatnet av det samepolitiske oppgjeret etter Alta-aksjonen.
Finnmarkseiendommen er leidd av eit styre på seks medlemmer; tre er valde av Sametinget, tre er valde av Fylkestinget i Finnmark. Hovudkontoret ligg i Lakselv. Dei viktigaste inntekskjeldene til eigedommen er tomtefeste, sal av grus og mineral, fallrettar og inntekter frå jakt og fiske.
Folk som er busette i ein kommune, har mellom anna rett til innlandsfiske med garn i kommunen, rett til sanking av egg og dun og rett til hogst av lauvskog til ved på Finnmarkseiendommen sitt land i heimkommunen. Dei som er busette i fylket, har mellom anna rett til jakt og fiske med stong og handsnøre, plukking av molter og uttak av trevyrke til husflid på eigedommen.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Forkortinga FeFo kjem frå dei første bokstavane i
- Finnmarks-
- eiendommen
- Finnmárkku-
- opmodat
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Finnmarkslova i Lovdata.