Finnmarkspors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Finnmarkspors
Finnmarkspors
Finnmarkspors
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Ericoideae
Stamme: Rhodoreae
Slekt: Rhododendron
Art: Finnmarkspors R. tomentosum
Vitskapleg namn
Rhododendron tomentosum

Finnmarkspors (Rhododendron tomentosum) er ein låg busk i rhododendronslekta. Han har ei sirkumpolar utbreiing i arktiske og subarktiske område.[1] Lapprose er ein av dei to rhododendronartane som veks vilt i norsk natur. Den andre er lapprose (Rhododendron lapponicum).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Planten blir gjerne 50 cm høg, i sjeldne tilfelle opptil 120 cm. Han har vintergrøne blad som er 12-50 mm lange og 2-12 mm breie. Blada er smale og lêraktige med innrulla bladkant og rustfarga hårvekst på undersida.

Blomane er små og kvite, med samanhengjande kronblad med fem flikar. Fleire blomar sit saman i tette klasar på greinspsissane. Dei har sterk lukt som tiltrekk bier og andre pollinerande insekt.

Planten føretrekk fuktige veksestader, men kan også veksa på tørre område. Han veks blant torv, kratt og på mose- og lavtundra.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Finnmarkspors veks i Alaska, Canada og på Grønand i Nord-Amerika, i nordlege og sentrale delar av Europa, og i Asia i Kina, Korea og Japan.

I Noreg er finnmarkspors ein austleg plante som er vanlegast i grensestrøk i Nord-Noreg frå Bardu til Vadsø og ganske hyppig i indre strøk på Austlandet frå Halden til Engerdal. Elles har det vore spreidde funn i Ringerike, Tønsberg, Re og Kviteseid, Snåsa og Hamarøy.[2] Elles har arten ei austleg utbreiing innover mot Russland, men han veks også spreidd sør til Tyskland.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Finnmarkspors er nært i slekt med grønlandspors (Rhododendron groenlandicum).

Tidlegare blei planten rekna til ei eiga planteslekt, Ledum, saman med nokre få andre artar på Nordkalotten. Etter inngåande studiar av Kron & Judd (1990) og Harry Harmaja (1991) blei desse innlemma i rhododendronslekta i seksjonen Ledum.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Finnmarkpors kan dyrkast som hageplante, men har ein sprikande vekst som gjer at ein gjerne klipper han for å få ein meir kompakt vekst.

Blada er blitt brukt til mat, drikke og medisin, best kjend under namnet labradorte.

På grunn av den sterke lukta har planten òg vore brukt som insektmiddel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rhododendron tomentosum», Canadian Wildflowers @ fleurssauvages.ca, http://www.fleurssauvages.ca/ericaceae/rhododendron_tomentosum.html 
  2. Lid, J. og D.T. Lid (2005). Elven, R., red. Norsk Flora. Oslo: Samlaget. s. 601–2. ISBN 9788252160291.