Finnsborgstriden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finnsborgstriden eller Freswæl som det ofte vert kalla på gamalengelsk etter line 1070 i Béowulf: .., Hnæf Scyldinga/ in Freswæle fallan sceolde, er eit brot av eit heltekvad på om lag 49 liner. På ny-engelsk vert det oftast vist til som The fight at Finnesburgh

Manuskriptet til dette kvædet låg opphavleg i biblioteket til Lambeth Palace, men gjekk tapt. George Hickes gjorde ei avskrift av det i 1705, og dette har sidan vore hovudkjelda for seinare forsking. Teksta er tett knytt opp mot eit særskilt avsnitt av Béowulf, line 1063-1159 (gjerne kalla Finnsborg-avsnittet). Henrik Rytter omsette brotet og gav det ut saman med si Beowulf-utgåve i 1929. Det er vanleg at dette brotet vert utgjeve saman med Béowulf-kvædet.

Teksta[endre | endre wikiteksten]

"----- (Ikkje) tak brenn og logar."
Soleis han svara, slagunge kongen:
"Ei det dagast i aust, ikkje draken der flyg,
hornprydde hallen heller ei brenn.
Bråstrid det førest hit! Fuglar vålar,
Stålham glamrar, stridsbunad jalmar,
skaft skrell mot skjold. Skin no månen,
fullmånen i skyom. Fram ris vådedåd;
uheil i folket det yppast vil.
Vakne no, vakne, vigmenn mine!
Tak dykkar skjoldar! Tenk på kjempeverk!
Herfremst stride! Hugheile vere!"
Då reis gjæve gullprydde tignar,
gyrde seg med sverdet.
Då til døra gjekk drottbyrge kjemper,
Sigeferd og Eaha, sverda sine drog dei;
til andre døra Ordlaf og Gudlaf;
Hengest sjølv hasta i far deira.
Garulf no Gudere mana
frimannslivet sitt fyrste gongen,
herham, ved halldør ei hóvlaust våge;
harde herstormen hente han vilde.
Ållydt han spurde so alle det høyrde,
hugdjerve hermann, kven halldøra varde.
"Sigeferd er mitt namn" - sa han - "Seggarkongen,
vidkjend vigmann. Eg valstrid herde,
harde hernader. Hevle deg skal eg,
soframt du sjølv mot meg søkje vil no!"
Då vart det på vollen valbulder stort.
Kuvne skjoldar i kjempehandom,
og beinhausar brast - borgtilet dunde -
seig då Garulf i slaget, han som
ypparst var vyrd millom alle jordbuar,
Gudlafsonen, og godmenner mange.
Ramn over ræ ræste og flaksa,
svart og vengmyrk. Sverdglimen bragla,
likesom Finnsborg i loge stod.
Eg frette aldri um frægare hermenn,
seksti sigerkultar slag betre stande,
drenger meir dugande dådløne mjøden
enn kjempehopen til kongen Hnæf.
Fem dagar drogst dei, og drepen vart ingen
drottmann som djervleg døra varde,
då steig til sides ein såra hermann,
sagde at broten var brynja hans,
herbunad gagnlaus, holstungen hjelmen.
snøgt då frega folkevorden
korleis dei slagkarar såra sine herde,
eller kven av unglyden -----

(omsett av Henrik Rytter)

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Namna Hnæf, Hengest og Finnsborg (Finnes Buruh), knyter denne teksta til den nemnde staden i Béowulf. Dette nemnast hjå Henrik Rytter, og er handsama grundig av J.R.R. Tolkien. Det brotet som er teke vare på, skildrar ein svært dramatisk stode, kampen mellom ein flokk som ver ei hall, og dei som går til åtak på ho. Namna i brotet kan finnast att andre stader, mellom anna i kvadet Widsith, som gjev ein peikepinn om tilknyting og politisk bakgrunn.

Professor Tolkien nemner moglege feilskrivingar i teksta, gjort av Hickes. Dette gjeld til dømes far av Garulf, som han meiner skulle vera Gudulf, ikkje Gudlaf. Dette knyter Garulf til Jylland, og Tolkien fører prov for at denne striden handlar om jydar og daner i frisisk teneste. Finn, som gjev namnet til Finnsborg, er konge av Frisland. Tolkien meinte det var jyske hærfolk på båe sider i striden, utanfor og innanfor halla. Slik vert feiden ei feide mellom jyske hærfolk, for eller mot den danske hovdingen Hnæf. I dette biletet er Garulf ervingen til det jyske kongedømet, medan Hnæf er sett som ein inntrengjar, som kalla dene-konge, altså dansk. Hildeburh, søster av Hnæf, er gift med Finn, og i Béowulf vert det sagt at sonen hans Finn òg fall i dette åtaket.

Tolkien si undersøking merkar seg at dette brotet tek føre seg maktkampen om herreveldet på Nordsjøen, mellom frisarar, daner og jydar. Han daterer hendinga historisk til om lag 450, og knyter brotet til den angelsaksiske utvandringa til England. Hengest skulle då, etter Tolkien, vera identisk med den seinare kongen av Kent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Henrik Rytter: Bèowulf, 1929. J.R.R. Tolkien: Finn and Hengest, the fragment and the episode, Harper/Collins 1982.