Finnstadpollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°07′59″N 13°45′05″E Finnstadpollen er ein fjord på Vestvågøy i Lofoten. Han strekkjer seg 4 km nordover, men den inste delen av han vert kalla Storfjorden.

Fjorden har innløp mellom Kylpesnes i vest og grenda Steine i aust. Apnes ligg på austsida eit lite stykke inn i fjorden med Breivika på sørsida. Like nordvest for Apnes ligg Finnstadneset med garden Finnstad, som har gjeve namn til fjorden. Innforbi desse to nesa ligg Storfjorden.

Fv840 går langs austsida av fjorden, medan Fv997 går langs vestsida.