Finsetunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finse stasjon. Ei stutt strekning bak snøoverbygget i bakgrunnen på fotografiet ligg innkøyringa til Finsetunnelen.

Finsetunnelen er ein 10,3 km lang jarnbanetunnel vest for Finse stasjonBergensbanen, i Ulvik herad i Hordaland. Tunnelen vart offisielt opna av Kong Harald V i 1993. Av alle tunnelane på sjølve Bergensbanen (mellom Hønefoss og Bergen) er Finsetunnelen den lengste, sjølv om tog som køyrer over Drammen på veg inn mot Oslo passerer gjennom Liertunnelen, som er litt lengre.

Før Finsetunnelen vart bygd, måtte toga over den vêrutsette strekninga over Fagernut, og snøryddingsbasen på Finse kunne stengjast då sporet vart verna av tunnelen.[1] Det høgaste punktet på Bergensbanen blir passert inne i tunnelen, 1237 meter over havet; før tunnelen vart bygd var den maksimale høgda 1301 meter over havet.[2]

I 2004 vart det utgjeve ein rapport som åtvara mot moglege tryggleiksproblem med fleire norske tunnelar, mellom dei vart Finsetunnelen utpeikt som farleg på grunn av lengda og vanskeleg tilgjenge for redningsmannskap. Tunnelen har rett nok ein del tryggingsutstyr som manglar ved fleire andre tunnelar, som naudlys, kommunikasjonssystem og naudareal, men rapporten kritiserte manglande katastrofeøvingar og høva til å evakuere tunnelen dersom det skulle bli brann.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jernbaneverkets side om Finse stasjon
  2. Jernbaneverkets side om Bergensbanen
  3. Farlege jernbanetunneler, NRK Hordaland, 2. september, 2004