Finsk ayrshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finsk ayrshirefe

Finsk ayrshire er den mest utbreidde storferasen i Finland (74 %). Han stammar frå skotsk ayrshirefe. Finsk ayrshire er oftast horna og raud-brune, med roleg lynne. Gjennomsnittleg årsavdrått er på 7400 kg, med 4,36 % feitt og 3,36 % protein. Gjennomsnittleg levandevekt er på 540 kg for vaksne kyr.

Rasen kjem frå rundt 1 600 ayrshirefe som blei importerte frå Skottland og Sverige i tida 1847-1923. Finsk ayrshire er saman med svensk röd och vit boskap (SRB) og ulike norske kurasar opphavet til norsk raudt fe, som er den dominerande rasen i Noreg. Det vert enno importert sæd frå finsk ayrshire til bruk i norsk raudt fe. I 2008 var éin okse av finsk ayrshire brukt som såkalla oksefar i norsk raudt fe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]